– Eg har sagt at det er lattergaranti på showet. Viss du sit i salen i 1 time og 25 utan å dra på smilebandet, kan du komme til meg og få igjen pengane, seier Ottesen til Fjordenes Tidende.

Han lovar at det blir mykje lokal moro og tull med nabodistrikt i showet.

– Eg meiner at det som driv Norge framover er ønsket om å gjere det betre enn nabobygda. Norge hadde stått stille utan. Derfor blir det ein del harselas med nabobygdene. Eg har delt inn området i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, men kjem også til å dytte inn litt Sunnmøre.

– Og så skal eg synge!

– Å, er du flink å synge?

– Nei.

Ken André Ottesen er kjend for å komme med treffande og morosame kommentarar til postane han legg ut. Foto: Skjermdump BAdesken

Ville spre det rare og morosame

Ottesen fekk ideen om å samle klipp frå lokalaviser etter å ha sett at folk legge ut slike på Facebook.

– Det var mange som likte det, men det skjedde så sjeldan. Og det var jo trist at det var så mange fine, rare og morosame saker som berre blei borte. Og at det berre var dei som tilhøyrde området der lokalavisa kom ut som fekk glede av dei, forklarer Ottesen.

Ottesen meiner Fjordenes Tidende er ei av avisene som har blitt meir morosam å lese og som har forstått at det er lurt å få lesarane sine til å le litt. Foto: Skjermdump BAdesken

Han bestemte seg derfor for å samle desse klippa på Instagramkontoen BAdesken. Kontoen blei svært raskt veldig populær og Ottesen får kvar dag rundt 1.000 tips frå lokalavis-lesarar rundt omkring i landet.

– Eg har jobba 18 år i lokalavis, veit kva det går i og har skrive bøttevis av saker som hadde hamna på BAdesken dersom den hadde eksistert då, ler han.

Han trur grunnane til populariteten skyldast at han både er glad i lokalaviser og bygde-Norge – og fordi folk kjenner seg igjen i avissakene.

– Folk er litt lei av intetsigande kjendisar som hamnar i avisa utan eigentleg å ha gjort noko. Riksavisene er flinke til å skrive om dei penaste, smartaste, kjappaste og dei som scorar flest mål, men 99,9 prosent av oss er ikkje slik. Vi er litt pene, litt smarte, litt kjappe og scorar ikkje så mange mål. Vi fortener også å få merksemd, seier han.

Ottesen er glad i det rare. Han har også lagt sin elsk på konsert-bildetekstane til Arne Hjorth Johansen i Firdaposten. Foto: Skjermdump BAdesken

Sa opp jobben for å dyrke lokalavishumoren

Kontoen blei faktisk så populær, og tok så mykje tid, at Ottesen i sommar sa opp jobben i VG for å vere lokalavisene sin beste venn.

Og tida etterpå har vore full av arbeid med BAdesken, både å legge ut og kommentere postane, gå gjennom alle tipsa som kjem inn, takke kvar enkelt som tar seg tid til å sende inn, med underhaldning- og eventjobbar og, ikkje minst, turné med førestillingar.

– Eg skriv jo eit nytt show til kvar plass. Det showet eg skal ha i operahuset på laurdag er skrive for publikum der, og eksempla er frå lokalaviser i området.

– Kva må eigentleg til for å hamne på BAdesken?

– Den enklaste måten å komme på BAdesken på er å finne nokon vanlege som gjer noko uvanleg. Viss ein heilt vanleg bonde, finn ei veldig uvanleg potet, så er det bankers.

Han ser på BAdesken som ein 95 prosent humorkonto som skal få folk til å le og 5 prosent som ein påminnar om at vi bur i verdas beste land.

– Vi har problem og utfordringar i Norge også. Men når vi kallar ting for «tortur» eller «krise», er det ikkje det. Vi er utruleg heldige, seier han.

fjt.no er ei av mange nettaviser Ottesen les for å finne stoff til Instagramkontoen sin. – Eg er også veldig takknemleg for alle som bruker tid på å finne og sende inn tips til meg, og eg prøver å takke alle saman personleg, seier han. Foto: privat

Oppfordrar lokalaviser til å tulle endå meir

Ottesen har lagt merke til at Fjordenes Tidende og andre aviser i området har heva seg og blitt meir morosame.

– Ein tør å leike litt meir. Og det er ikkje eit dumt mål å få lesarane sine til å le, seier han og legg til at Sogn Avis, Firda og Vikebladet også er gode på å vere uhøgtidelege og heie fram det morosame og rare.

– Lokalavisa skal spegle det samfunnet den kjem ut i og eg vil tru at det er ein del raringar i avisdistriktet til Fjordenes Tidende. Og då meier eg raringar som ein positiv ting. Så leit etter raringar og spør kva dei driv med. Så blir det BAdesken, ler Ottesen.

Ottesen har jobba både i lokalavis og i riksavis, og meiner at jobben som lokalavisjournalist er spennande fordi ein må takle alt.

– Det som er mest utfordrande med å jobbe i lokalavisa er at folka du skriv om, er dei du møter på butikken, skuleavslutningar, fotballtreningar og overalt etter jobb. Plutseleg må du skrive kritisk om nokon du kjenner eller liker. Det hadde nok folk som har jobba for lenge i riksaviser hatt godt av, å møte både dei folka dei faktisk skriv om og det samfunnet dei skriv om. Og det er ei utfordring og ein vanskeleg balansegang som lokalavisjournalistar får altfor lite kred for.

BaDesken roastar lokalavisene på ein kjærleg måte sidan Ottesen veit kva som krevst for å vere lokalavisjournalist. Foto: Skjermdump BAdesken

Ottesen les ei mengde med lokalaviser, men det er to aviser han ikkje klarer seg utan.

– Eg er frå Toten, men bur både i Bergen og Oslo. Så sjølv om eg les mange aviser, klarer eg meg ikkje utan Oppland Arbeiderblad, som er mi lokalavis, og sjølvsagt BA.

Fjordingen må også rekne med å få litt pes på laurdag. Foto: Skjermdump BAdesken