Denne saka er ein del av bilaget Hus & heim gitt ut av Nordfjordsamkøyringa fredag 6. mai.

Så no trålar ho loppemarknadar og bruktbutikkar og kjøper knuselege ting som minner henne om barndommen.

Nesten alt blir kjøpt brukt, og ho liker å måle og fikse opp ting. Ho er godt fornøgd med nokre brune krukker ho kjøpte for ein del år sidan og spraymåla knallgrøne.

– Rosa er også ein farge som har gått igjen hos meg, men eg er veldig glad i grøn, mint og turkis. Eg liker også gul – og i det siste har oransje kome inn frå sidelinja.

47-åringen er frå Bremanger, har budd lenge og hatt interiørbutikk i Måløy, men bur no i Stad kommune.

Kjedelege krukker har fått sterke fargar både i hagen og framfor inngangsdøra. Foto: Kjellrun Åsebø

Sorterer bøker etter fargar

Kjærleiken til fargar ser ein overalt på kjøkkenet og uteplassen, i kjellerstua og stua til Åse. Gjestar kan gå seg vill i hyllene for det er figurar, rådyr og vasar i nesten kvar hylle.

Og ho blandar ekte og kopi, fint og humoristisk og kunst og barnekunst.

– Hjernen min fungerer sånn at når eg tenker på ei bok, hugsar eg ikkje alltid kven som har skrive den. Men eg hugsar korleis den ser ut og kva farge den har. Så for meg er det praktisk å ha hyllene slik, forklarer ho.

Åse innrømmer gjerne at ho er ein samlar. Og at det blir mykje av det ho liker best. Som hyller, puter, fargerike vasar, bambi-dyr og små lampeskjermar.

Men Åse har sjølvsagt ein plan, i alle fall for nokre av dei. I vindauget står ein svært spesiell mangearma lampe.

– Den har eg laga av ein lysestake og er ein av favorittane.

Lampeskjerm-lampen er veldig spesiell og dekorativ i vindauget. Foto: Kjellrun Åsebø

Det er på loppemarknadar og bruktbutikkar ho finn skattane.

– Eg var i veldig mange år svært heldig fordi eg ikkje likte typiske antikvitetar eller ting som var trendy eller verdt noko. Eg såg etter fine, rare, søte og morosame ting. Eg var for eksempel ofte åleine om å kuppe dei rare lampane og porselensbambiane, forklarer ho.

Men no er det fleire som kjøper dei, og dei er blitt veldig dyre.

– Eg elskar hyller, seier Åse som fyller hyllene sine med bøker, pynteting og rådyr i ulike fargar og størrelsar. Foto: Kjellrun Åsebø

Følg din eigen smak

Ho elskar å gjere kupp til 40 kroner og hugsar kva ho har betalt for mange av figurane og vasane.

– På loppemarknadar er det viktig å sjå etter ting du liker og blir glad av. Plasser tingen i ei hylle eller på eit bord, la den stå der litt og kjenn på om det er rett plass. Skal den bu der eller skal den ikkje bu der? ler ho.

For dette er også noko ho anbefaler. Å flytte litt rundt på ting. Ommøblere.

For dei som har lyst på meir fargar i huset rår Åse dei til å begynne med ei lita sone.

– Heile rommet treng ikkje vere i same stil. Og så er det lurt å berre komme i gang med eit lite prosjekt der ein får meistringsfølelse av å sjå resultatet. Alt treng ikkje å bli gjort grundig. Det er betre å gjere det enn at det aldri blir noko av.

Åse liker også å lage ting. Ho heklar og perlar, og bruker også det ho lager som fargerik pynt.

– Det kan vere dukar, kuler, figurar, men også tøfler og pledd. Eg liker også å hekle ulike klesplagg. Eg har ein Instagram-konto som heiter «purglede» der eg legg ut ein del av det eg lager.

For det er glede det heile handlar om, og det å omringe seg og sine med fargar er noko av det som gjer Åse aller mest glad.

Dersom du er glad i puter er det lurt å bruke desse til å få fargar inn i huset. Foto: Kjellrun Åsebø
– Vi hang perlenissane opp til jul og har tatt vekk juletrea. Men nissane har vi framleis oppe, smiler Åse og viser fram nissane på kjøkkenskapdøra. Foto: Kjellrun Åsebø
Gamle lampar finn du på loppemarknadar og i bruktbutikkar. Foto: Kjellrun Åsebø
Ein kan også har ulike fargesoner i hagen eller ulike område der ein bruker fargar. Foto: Kjellrun Åsebø
Her er eitt av områda der Åse har ein del fargar. Men ho kan like gjerne bytte litt på kor tinga står. Foto: Kjellrun Åsebø
I det eine treet heng det fargerike lyspærer. Foto: Kjellrun Åsebø
Det står ting framfor speglar. Nissen får stå framme sjølv om det ikkje er jul og den vesle måsen har Åse hekla sjølv. Foto: Kjellrun Åsebø
– Eg liker humor, at ting er uhøgtidelege og humoristiske. Då ungane var små var det også praktisk å sleppe og gå å vere så redd for ting, seier Åse. Foto: Kjellrun Åsebø
Åse heklar ulike plagg som ho viser fram på instagramkontoen «purglede». Foto: privat
– Etter at eg kjøpte meg motorsag har energinivået i livet mitt stige, ler Åse. Foto: Kjellrun Åsebø
Åse elskar å flytte på ting og bryr seg ikkje om litt støv her og der. – Det er berre å blåse på det eller vaske det vekk. Foto: Kjellrun Åsebø
Du kan bruke ting du lager til pynt også. Foto: privat
Ei blanding av nissar, leikar og og blomster på ein gamal krakk fangar merksemda di før du går inn hovuddøra. Foto: Kjellrun Åsebø
Åse tar gjerne ein kvil i hagen. Då kjem også ofte idear om kva ho har lyst å gjere. Foto: Kjellrun Åsebø
– Eg elskar fargerike vasar! Foto: Kjellrun Åsebø
Og denne kjærleiken til vasar er ikkje mogeleg å gå glipp av dersom du er på besøk med Åse. Mange av dei er kupp frå loppemarknadar. Foto: Kjellrun Åsebø
Eit godt råd er også å blande ulike stilar, gjerne med ting ein har laga sjølv. Dette er i kjellarstua. Foto: Kjellrun Åsebø
Desse pallane skal brukast til noko. Foto: Kjellrun Åsebø
Dette er kjøkkenhylla til Åse. Både praktisk og dekorativ. Foto: Kjellrun Åsebø
Broderi du kan ha på veggane er noko du kan finne på loppemarknadar dersom du liker det. Foto: Kjellrun Åsebø
Åse har tre hundar og det å ha ein mobb lett tilgjengeleg er ikkje dumt. Foto: Kjellrun Åsebø
Åse har hyller i alle rom. Denne står i kjellarstua. – Den er litt rotete for tida, seier ho. Foto: Kjellrun Åsebø
– Denne isbjørnen fann eg på loppemarknad og den synest eg er veldig fin. Foto: Kjellrun Åsebø
Åse liker godt å blande pynteting ho kjøper med kunst barna laga då dei var små. Foto: Kjellrun Åsebø
Åse blandar ekte og kopi, fint og humoristisk og kunst og barnekunst. Foto: privat
Nok eit eksempel på at å blande stilar og ting du sjølv liker blir interessant. Foto: Kjellrun Åsebø
– Den vesle hunden fekk eg av ein nabo i Bremanger. Foto: Kjellrun Åsebø
Åse bruker ein del av det ho heklar som for eksempel pynt på veggen eller som dukar. Foto: Kjellrun Åsebø
Her har ho hengt fuglar ho har perla i ulike fargar framfor eit måleri. Foto: Kjellrun Åsebø
– Å ha nokre dekorative kasser der ein kan gøyme unna litt rot er ikkje dumt, seier Åse og viser fram to slike kasser ho har under ein reol i stua. Foto: Kjellrun Åsebø
På ein liten vegglampe i kjellaren, heng ei fargerik veske. Foto: Kjellrun Åsebø
Her har løvene jaga vekk rådyra. Foto: Kjellrun Åsebø
Arthur tar seg ein kvil i stua der veggpynten er ei blanding av måleri, broderi, ein spegel, eit glasfat, hekla kunst og ein knagg med eit smykke på. Foto: Kjellrun Åsebø
Åse elskar ikkje berre puter, hyller og rådyr. Ho forelskar seg i gamle lampar som lyser opp romma både oppe og nede. Foto: Kjellrun Åsebø
Walter og Malvin kosar seg saman med Åse i den fargerike hagen. Foto: Kjellrun Åsebø
Åse har ein forkjærleik for rådyr. Her ser ein også korleis ho tenker fargar i bokhylla. Foto: Kjellrun Åsebø
Det er fargar overalt og også ute blandar ho ekte og kunstig. Foto: Kjellrun Åsebø
Ein potteplante treng ikkje stå rett ned på ei hylle, eit bord eller ein skjenk. Den kan også stå oppå ein bunke med blander eller ein stabel med bøker. Foto: Kjellrun Åsebø
– Det var eigentleg eit lite risikoprosjekt å sette opp dei der, seier Åse på veg ned i kjellarstova. Foto: Kjellrun Åsebø
Kanskje det viktigaste rådet Åse har er å ta utgangspunkt i kva du sjølv liker, ikkje kva andre liker eller kva som er «riktig». Foto: Kjellrun Åsebø