I toget gjekk også to politibetjentar, speidarane, Skavøypoll skulemusikkorps, drilltroppen til Skavøypoll, Måløy musikklag og Torskangerpoll musikklag. I tillegg gjekk foreldre og familie bakerst. Ein del av russen var også med i toget.

Toget var dermed langt og flott!

Det var fleire av dei som stod og såg på som kommenterte at det var godt å sjå fellestoget igjen, å sjå så mange barn samla på ein stad. Å gå saman om eit fellestog i Måløy var noko som starta eit par år før pandemien kom og sette 17.mai-feiringa på pause.