Festivaloversikta er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin. Heile magasinet kan du lese her. Du kan også besøke fjt.no sine sommarsider.

Nyt musikken, havet og utsikta

Ved ei av Norge sine vakraste stender, Refviksanden, går Strandfestivalen av stabelen 7.–8. juli. I løpet av festivaldagane blir innbyggartalet i den vesle bygda mangedobla. På plakaten til årets festival står DumDum Boys, Stavanger kameratene, Kjartan Lauritzen, Rotlaus, Stage Dolls, Morgan Sulele, Vestlandsfanden, Andrea Santiago og Jørn Trollebø.

Det blir også ein eigen konsert for dei minste på dagtid laurdag under Strandfestivalen junior.

Skal lage liv og røre i kystperla

Kalvåg Kystfestival skal gå av stabelen første helga i august i år, 4. til 6. august. Arrangørane gler seg i år til ein fullskala, tradisjonell kystfestival.

På programmet står mellom anna rokonkurranse og trappeløp. I tillegg blir det stands og salsboder, mykje liv og røre, show og musikk med mellom andre Adam Douglas, Kokken Tor, Turbostipend og Tøttene som skal ha 80-talsshow.

Byr på ei rocka helg i havgapet

Når RockWeekend går av stabelen 13., 14. og 15. juli er det klart for ein festival i kjend stil. Den nye komiteen har fått med seg fleire kjende namn på festivalplakaten. Torsdag er det jam med lokale musikarar, fredag står Creedence forever og Halva priset på scenene på Havlys i Iglandsvik, og laurdag kveld går Linnea Dale og Donkeyboy på scena. Laurdag på dagtid blir det familiedag i Iglandsvik.

Elvis kjem tilbake for ei helg

Blant årets artistar til Elvisfestivalen finn vi både kjende og nye namn. Blant dei som kjem til Måløy under festivalen 3., 4. og 5. august er Victor Trevino jr. som vart kåra til verdas beste tributeartist i fjor. Med seg får han Jimmy Holmes, Eddy Popescu, Morgan Vøien og Sanni Luis. Saman med dei lokale artistane Isak Søraa, Terje Våge, Stian Hjelle og The Brothers skal dei sørge for elvisstemning i kyrkja, teltet og sentrum. Det blir også fleire arrangement i festivalteltet og i sentrum gjennom helga.

Ta del i fotballgleda på cupen

Arrangørane er klare for å spreie cupglede for 27. gang. Selje idrettslag inviterer nemleg til Seljecup frå 9.–11. juni. Hovudturneringa med klasser frå 10–17 år er frå fredag til søndag. I utgangspunktet tek ein sikte på at gutar og jenter 15–17 år spelar fredag kveld, andre klasser 10–14 år laurdag og søndag.

Avslutning blir søndag ettermiddag med Kongleriket-turnering 6–9 år. Cupen vil også i år ha eit rikhaldig program utanom kampane

Klart for leik og moro i sentrum

I år går Måløydagene av stabelen helga 9.–11. juni. Dette for å få med seg tivoliet. I tillegg vil ein del av moroa på Måløydagene strekke seg eit par dagar ekstra ut i tid i år, på grunn av cruiseturistane som er venta i same periode.

Under Måløydagene blir det blant anna show i teltet fredag og laurdag, mykje underhaldning for barn, opptog, musikantar i gata og boder. I år har nye folk i arrangementskomiteen bidratt med eit friskt blikk på ein god gammal tradisjon, og dei har nokre overraskingar på lur.

Nordfjord sin eigen rockfestival

Etter 20 år har Malakoff Rockfestival stadfesta posisjonen sin som ein anerkjent rockfestival. På programmet i år står mellom andre Kaleo, Rival Sons, Dagny, Empire State Bastard, The HU, Bigbang, Undergrunn, Ylvis, Hellbillies, Lars Vaular, Kamelen og The Good The Bad and The Zugly. Festivalcampen har plass til nær 5.000 personar, og 1.000 telt. Årets festival går føre seg 20.–22. juli på Nordfjordeid i vakre omgivnadar i området Malakoff.

Samlast til messe på heilag øy

Søndag 9. juli går den tradisjonsrike Seljumannamessa av stabelen, forhåpentlegvis denne gongen ute ved Selja kloster. I fjor braut arrangørane på ein måte tradisjonen då dei måtte bruke Selje kyrkje for å søke ly for det dårlege vêret. Hovudtalar under årets Seljumannamesse blir Solveig Fiske, som er tidlegare biskop i Hamar bispedøme.

Sommaraktivitet for store og små

Sommaraktve Stadt er ei aktivitetsveke for heile familien på Stadlandet. I år går arrangementet av stabelen frå 30. juni til 8. juli. Det blir mellom anna fotballdag, volleyballturnering, tennis og ein eigen dag med vassaktivitetar på, i og ved sjøen.

Under Sommarktive Stadt blir det også opning av den nye dagsturhytta på Stadlandet. Aktivitetsveka blir avslutta laurdagen med dans på Stad hotell.

Mat er tilbake på festivalmenyen

Tre år utan Eid gatematfestival var nok for Leon Knapskog. Restauranten Aske og Minibakeriet inviterer no nemleg kokkevennar, mat-entusiastar, lokale mat- og drikkeprodusentar og alle som høyrer om festivalen til matfest igjen. Datoen som er sett av er 15. juli. Denne dagen blir det også musikk, god stemning og dersom det blir som på tidlegare gatematfestivalar vil det komme tusenvis av gjestar til Nordfjordeid.