Det er ei storhending som mange har sett fram til. Sjølv ville forfattaren bruke den tida ho trong for å bli klar til å skrive meir frå universet ho skapte i debutboka «Vaffelhjarte». «Keeperen og havet» er ei bok om at ting forandrar seg, og korleis ein kan hanskast med det.

– Den nye boka er ei annleis og sjølvstendig bok om dei same folka, fortel Parr i ei pressemelding.

Etter at ho skreiv «Vaffelhjarte», har andre vore med på å utvide universet hennar gjennom tv-serien med same namn, musikk og teaterstykke.

– Alle desse uttrykka har gjort verda i boka rikare for meg òg, og dei syng med når eg skriv, fortel ho.

I «Keeperen og havet» er hovudpersonane blitt nokre år eldre enn første gongen Maria Parr dikta dei inn i verda. Arrangementet på Ørsta folkebibliotek høver difor best for barn i alderen 8–12 år.

Maria Parr kan du også møte seinare på dagen i ein samtale med festspeldiktar Lars Mæhle om korleis skrive godt for barn og unge. Parr er også programleiar for den store familiekonserten i Uteamfiet fredag kveld.