Laurdag 6. august blir det ein stor symfonikonsert, som har fått namnet Vestlandsk sommarsymfoni, med heile 75 musikarar i Operahuset Nordfjord.

Bakgrunnen for at musikarar frå heile landet samlast på Nordfjordeid, er eit kurs som blir halde på Fjordane folkehøgskule frå 30. juli til 6. august. Og kurset vert så avslutta med symfonikonserten i Operahuset.

Ein får mellom anna høyre Wolfgang Amadeus Mozart sin Ouverture til «Figaros bryllaup», Sergej Rachmaninov sin Konsert nr. 3 for klaver og orkester d-moll, op. 30 og Cesar Franck sin Symfoni i d-moll, skriv Operahuset Nordfjord på si nettside.