Dette innlegget er skrive av Svein Hansen, leiar i Sjukehusaksjonen Nordfjord, og stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 23. februar:

Kva no då?

Dette var overskrifta i leiaren til Fjordagbladet torsdag den 4. februar i år. Eg reknar med at det som står på leiarplass er produsert av redaktøren Tormod Flatebø.

Som ein stor aktør må vi tole kritikk frå den «andre sida». Vår oppgåve er ikkje å legge «lokk» på ting. Vår oppgåve er å «verne» om helsepersonell, pårørande og pasientar i vidaste forstand. Vi skal ha eit tilbod i Nordfjord som er på høgde med tilbodet andre stader og som følgjer spelereglane som er på arbeidsplassar andre stader.

Lokalpressa er i så måte eit viktig forum å formidle dette vidare på.

Med leiarar som: «Mange har allereie fått lengre veg til akutthjelp», «Eit av dei dramatiske framlegga er at Volda sjukehus kan miste akuttkirurgi-funksjonen» og «Det hadde ikkje passa inn i kommunikasjonsstrategien til helseministeren at det skulle dukke opp personar på Nordfjord sjukehus med kritiske spørsmål».

I det store biletet, er det dette saka dreier seg om, takk til redaktør Erling Wåge. Takk også til dei som har ringt for å oppmuntre. Det gjer meg godt.

No er det også blitt slik at folk generelt kvir seg for å komme med uttale i denne saka. Ein vil då raskt få merke «makta» og her er det lov å mobbe den ein finn for godt og drive «klappjakt» også på dei som vågar og ytre seg og stå i vegen for det som skal vere det godkjende og perfekte helsetilbodet til Nordfjord. For i denne saka er det berre eitt syn som gjeld. Dette skal gjennomførast uansett kostnader og konsekvensar.

Gjennom heile lesnaden i leiaren kan ein sjå omgrepet vi: «Vi har i alle år hatt respekt for det folkelege engasjementet», «Det har vi sjølvsagt også sansen for», «Det vi ikkje har sansen for», «Vi treng ikkje vere usamde i at det var betre før», «Vi støtter folk som kjempar for funksjonane ved lokalsjukehuset i Volda», «Det vi ikkje kan vere med på».

Kven er «vi»? Ingen kan vere i tvil om at dette var eit angrep på sjukehusaksjonen og spesielt på meg som leiar av aksjonen. Og på nytt blir det gjenteke at vi (Sjukehusaksjonen) snakkar ned Nordfjord sjukehus.

Ver venleg og vis konkret til der vi har snakka ned Nordfjord sjukehus.

Eller er det slik at det er ingen som skal hevde noko anna enn det som er «godkjent»? Då snakkar ein ned sjukehuset og dei tilsette. Også legane Trond Inselseth og Bent Ingebriktsen, som legevaktsjefar for Nordfjord legevakt, har åtvara og er kritiske til å bruke Nordfjord som mal for landets lokalsjukehus. Dei er klare på at beredskapen blir for dårleg. Sjølvsagt likar dei svært dårleg at akuttkirurgien i Volda skal leggast ned.

Det skulle berre mangle at dei ikkje skulle uttale seg. Dei er i sin fulle rett og kven har betre innsikt til å uttale seg om kor ting verkar i praksis? Stor takk til begge to.

«Vi treng ikkje vere usamde i at det var betre før» blir det skreve i leiaren.

Det er nettopp dette som er kjernen i saka, same kva som blir hevda av dei som er indoktrinerte til å tru at no er alt så mykje betre. Er vi samde om det, så er vi fleire som har sett dette lenge.

Det er opprør over heile landet over at sjukehus skal leggast ned, eller får lagt ned akuttkirurgien. Er det så uventa? Nordfjord skal brukast som mal. Ikkje rart at Norsk Legeforening, helsepersonell og legar over heile landet er i mot denne galskapen.

Som redaktør i Fjordabladet er det kanskje på tide å sjå attende i arkivet ditt og sjå på den kampen som har vore frå 2002 då Sjukehusaksjonen vart stifta og fram til i dag.

Kanskje vil det vere av stor verdi å vise helseminister Bent Høie den kampen som har vore og kva den har kosta for legar, personell og ikkje minst pasientane i Nordfjord.

Eg trur at vi raskt er samde om at v ikkje ønsjer at denne «kuren» skal bli andre til del. Eg trur også at dei som verkeleg set seg inn i dette, ikkje vil at personalpolitikken og andre ting av historia skal ligge i botnen av det som skal vere «fyrtårnet» for landet.

Når det blir framstilt som nyhende at aksjonen har skifta namn, så er dette fem år sidan. Då aksjonen vart registrert i Brønnøysundregisteret vart namnet nedkorta frå Nordfjord sjukehus Sjukehusaksjonen – til Sjukehusaksjonen Nordfjord. Ikkje dramatisk.

Når redaktøren fortel at helsetilbodet er mykje meir enn blålys og kirurgi, så veit underteikna det veldig godt.

Eg har innsikt om både blålys og kirurgi, ut ifrå rolla mi som pårørande og med notatar frå pasient– og pårørandeerfaringar i 940 dagar. Av desse 378 dagar frå Nordfjord sjukehus, Sentralsjukehuset i Førde og deira system. Ein har opplevd det meste.Her er sikkert mange med same erfaringar som vil kome fram etter kvart.

Mange er det, og fleire vil det bli, som stiller kritiske spørsmål til det som blir formidla gjennom NRK og helseminister Bent Høie, om kor godt fornøgde folket i Nordfjord er.

Dette er ikkje sant. Vil verkeleg helseministeren og Høgre som parti, at dei sjukehusa som er nemnde skal byggast ned og avvikle akuttkirurgien?

Skal legar, tilsette og folk i andre delar av landet lide same skjebne som folket i Nordfjord? Det blir spørsmålet til Høgre som parti og Bent Høie som helseminister som dei må ta stilling til. Dei kan ikkje fråskrive seg ansvaret.

Så til slutt. Det kunne vere greitt for nokon og ein kvar å få vite kva agenda og kven som ligg bak når det med visse mellomrom og med varierande vinkling blir utsegner og påstandar som svertar sjukehusaksjonen på ulik sett gjennom media og lokalpressa.

Det som er sett på trykk i denne leiaren til Fjordabladet har vi ikkje sans for i det heile. Når ein kan lese at det «truleg fordi det ikkje lenger handlar om kampen for Nordfjord sjukehus, men om gode sjukehustilbod for/til nordfjordingar.»

Tillegg ikkje Sjukehusaksjonen ein slik agenda, då er det på tide at Fjordabladet ser i arkivet sitt på nytt.

For å skjøne kva Sjukehusaksjonen har fokus på gjennom alle desse åra kan vi nemne: fakkeltog, møte med fire ulike helseministrar, møte med stortingspolitikarar, innlegg og møte med arbeidsgruppa for Nasjonal helse og sjukehusplan, landsomfattande demonstrasjonar for bevaring av lokalsjukehus, medlem i Folkebevegelsen for lokalsykehus, møte i Helse- og omsorgskomiteen, møte med Helse Vest, møte med Helse Førde, møte med andre sjukehusaksjonsgrupper, møte med Nordfjordrådet, kommunar og formannskap osv.

Fjordabladet skulle halde seg for god til å halde på med skittkasting på personar, som utan økonomisk vederlag, brukar så mykje av si tid for å kjempe for best muleg helsetilbod for alle som bur i Nordfjord. Sjukehusaksjonen Nordfjord vil bestå.