Oddfrid Jørgensen fra Selje har skrevet dette innlegget som står på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

Kven er bankane til for?

Er bankane til for kundane eller er kundane til for bankane» Ja takk, begge deler! Men slik det er blitt no, er det nok det siste.

Kundane er til for bankane. Dei styrande i bankane skal spare pengar og legg ned filial etter filial. Det er først og fremst distrikta som får smake denne «innsparinga».

Eg sit ikkje på statistisk rapport, men eg er sikker på at det er kundane i distrikta som er dei mest lojale kundane.

I Selje har det vore bank sidan 1905, og det er dei eldre, som har vore lojale og vore med på å bygge bankane, som no får svi.

Mange av den eldre generasjon har gjerne ikkje datamaskiner og kanskje ei heller tillit til desse «nymotens» greiene.

Dei er gjerne blitt skjelvhendte, svaksynte og huskelause og greier ikkje å kontrollere bankkort og kodar på same måten som dei yngre.

Dei har gjennom årrekkjer hatt god kontakt med dei hjelpsame medarbeidarane i banken her i Selje. Dette er no slutt.

Det er blitt ein rein sjukdom i mine auge. Det kan fort koste bankane meir enn dei trur, når dei må dekke inn for tapte kundar og svindel frå «uvørdne» eldre som mistar kort og koder.

La aldri dei styrane bli gamle og «uvørdne» – då vil dei møte seg sjølve i døra.