Dette innlegget er skrevet av Kjell Nøstdal og sto på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 1. mars.

I ein reportasje i Fjordenes Tidende for nokre veker sidan vart lesarane inviterte til å diskutere namnet på den nye kystkommunen som kanskje er i emning. Alle dei tre variantane hadde sine tilhengjarar.

Den som truleg har drøfta Stad-namnet grundigast, er Reidar Djupedal, i ein artikkel i «Gula Tidend» 24.07.1958. Her avviser han skrivemåten Statt, som han har sett brukt på kart («Den norske los»). For å underbyggje standpunktet sitt går han systematisk gjennom namneformene i dei gamle kjeldene, til dømes Snorres «Heimskringla», og finn allstad skrivemåten Stad.

Denne forklaringa har språkforskaren Oddvar Nes seinare slutta seg til. I boka «Norske stedsnavn/stadnamn» seier han at «I dag seier folk mest Statt og skriv ofte Stadt i staden for Stad. Dette er ille, for forma med t er komen utanfrå, frå nederlandsk». Statt og Stadt er såleis for litt «unorske» former å rekne.

Namnet Stad er tvillaust svært gammalt, og namnegranskarane har to – litt ulike – framlegg til tolking. «Norsk Stadnamnleksikon» meiner at Stad kanskje tyder «stansing, som kunne sikte til at sjøfarande måtte skifte kurs her og ofte stanse for å vente på bør». Namnegranskaren Per Hovda trur derimot at tydinga er «som står opp», og at dei høge fjella på halvøya har vore namngjevande.

Når det gjeld sjølve valet av namn på den (ev.) nye kommunen, synest eg at Stad er både traust og høveleg, men eg har stor sans for Geir Arne Solheim sitt framlegg om Selja, og eg har tenkt i same lei sjølv.

Til sist nokre ord om namnet Selja: Som øynamn flest er Selja svært gammalt, og heilt sikkert tolka er det ikkje.

«Norske Gaardnavne» nemner to mogelege tydingar. Namnet kan vere avleidd av ordet sel, altså husa på ei seter, seterbu. Kanskje er det eit minne om at Selja var busett før Sunniva-kulten oppstod, slik R. Djupedal har antyda i «Selja i tusen år».

Det andre tolkingsframlegget tek utgangspunkt i ordet Salen, som visstnok var namnet på helleren oppe i Sunnivahola. Men, som «Norske Gaardnavne» nøkternt seier det: «Dette bliver kun en laus Gisning».