Les innlegget Kristian Solvang hadde om Hornelen, både namnet og historia, i Fjordenes Tidende tysdag 24. mai

Hornelen

Det kjende fjellet i Ytre Nordfjord, Hornelen (860 m), blir av dei fleste i dag uttala feil /hor›ne:len/,med trykk på 2.staving. Det rette må vere /››hONNel›n/, denne uttalen brukar og Norsk Stadnamnleksikon.

Ein «hOnnjel» er godt kjent som skjellsord her på våre kantar, om vrange personar eller trassige barn; «han e en god honnjele, e han!». Men ordet vart opphavleg brukt om dyr – helst kyr – med berre eitt horn. «Hornel m» vart også brukt om «hornver, hjort» på Sunnmøre (Ø.Frøysadal). Dei meinar at dette er ei avleiing på -ull eller -ill til «horn n». Ved foten av fjellet ligg garden Hunskor, namnet vart i år 1350 skrive i dativforma Honskorum. Skrivemåten i dag med Hun- er feilaktig for Hornskor/Honnskor, gno. der førsteleddet siktar til fjellet Hornelen, som mykje truleg har hatt namnet Hornet (‹hONNe). Det ser jo slik ut – som ein einhjørning! Dette er elles eit vanleg namn på spisse fjelltoppar. Ein reknar og med at gardsnamnet Hunskor i Breim opprinneleg har heitt «Hornsskor», og at det er fjellet Dunegga som har hatt namnet Hornet. I soga om Olav Tryggvason er Hornelen kalla Smalsarhorn. Og det er skrive at Olav Tryggvason skal ha klatra opp her, feste skjoldet sitt der, og bar så ned ein hirdmann som hadde gått seg fast. Det knyter seg mange segner og fortal til dette fjellet, bl.a. møttest trollkjerringane på toppen minst ein gong i året. I boka «Huldra, draugen og fanden sjølv», utgitt av Ove Eide og Finn Egil Eide i 2011 finst ei segn om trollkjerringa i Rugsund: «- denne trollkjerringa var av dei som heldt lag med fanden på Hornelen. Det var nok han som tok henne til slutt. Ho skulle ro over sundet ein kveld, og då kom det opp ei stor svart hand og tok både henne og båten. Dei fann ikkje att det slag.» (s.41). Her heldt og jetten Tron Honnil til. I ei færøyisk vise fortel dei om «trøllini i Hornalondum». I verket «Norrigia Illustrata» (1651) skriv J.L.Wolff om ei »meget forfærdelig høi Klippe, Horninde kaldet»; det er Hornelen. Eg håpar dei ikkje tergar på seg svartemaktene når dei no planlegg Via Ferrata her.Førsteleddet i Smalsarhorn er genitivform av *smols f, som tydde «knusningsprodukt, smular». Eit nært beslekta ord er «mol f»= «rullesteinur i fjøra, banke av småstein». Desse orda finn vi igjen i stadnamn som Smøla og Molvik. Namneforskaren Per Hovda meinar at Smols har vore eit tidlegare namn på Bremangerlandet; «øyi som særmerkjer seg ved (er oppbygd av) smular og molar» (Maal og Minne 1945 s.67-68). Øystein Frøysadal meinar Smols berre har vore brukt om austdelen avgrensa av Berlepollen/Lågeidet. Det er spesielle geologiske bergarter i dette området. «Den øverste delen av den stupbratte fjellveggen er av konglomerat og sandstein, så «smol» er vel helst ei geologisk nemning på dei svære urene og forvitra steinmassane som dekkjer store strok heilt til topps» (Ø.F.:Namn i fjellet s.79-81).

Kristian Solvang

Blakset