Innlegg:

Eit hjartesukk om Leirgulen kai

Leirgulen kai. (Foto: Erling Wåge) 

Meninger

Utflytta bremangar Ruth Wiik Hegerland kjem med ei lite hjartesukk om den nye kaia i Leirgulen i Bremanger:

– Eg bur i Bergen, er frå Davik. Som passasjerar har vi fått eit underleg problem, særleg dersom ein har eit fysisk handikap, eller kanskje berre alminneleg alderdom. Underteikna har det første.


Når vi skal stiga opp frå landgangen, er der ei skråning på om lag ein halv meter, og 45 grader bratt. Der er ingen ting å halde seg i, eller støtta seg til på sidene.

Kvifor er det ikkje laga eit trinn, so vi kan stiga opp på vanleg måte?

Underteikna må få hjelp av den som møter/hentar, den må «dra» meg opp. Og so kan vi le litt.

Dette er ikkje ein komfortabel situasjon.

Kva med vinterføre, med is og hålke. Å stiga ned frå kaia er noko lettare, berre fordi det er eit godt «serviceminded» mannskap på bergensbåten, skriv Wiik Hegerland til Fjordenes Tidende.