Lesarinnlegg:

Kvinnedagen - fordi vi ikkje er i mål

Alfred Bjørlo. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug 

Meninger

Dette innlegget er skrive av Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.

Kvinnedagen – fordi vi ikkje er i mål

8. mars er den internasjonale Kvinnedagen - utpeika av FN for å markere likestilling og kvinner sine rettar over heile verda.

Verda over blir det enno gjort grusomme overgrep mot kvinner. Over 1 milliard kvinner har enno ikkje rettsvern mot seksuelle overgrep i eigen heim. Fleire millionar jenter blir utsett for kjønnslemlesting. Berre i Brasil blir 500.000 kvinner voldtekne kvart år. I land som Afghanistan, Somalia, India og mange arabiske land står kvinner på sidelina av samfunnet. Utan rettar vi tek som sjølvsagde over eigen økonomi, livsval og kvardagsliv utanfor eigen heim.

I Noreg er det ein årleg debatt om ikkje Kvinnedagen har utspelt si rolle. I år trur eg ikkje det skjer. Me too-kampanjen har avdekka eit skremmande omfang av seksuelle overgrep, antasting og trakassering også i vårt land. Det syner seg at vi enno har ein lang veg å gå på eit område som går rett i kjernen på det Kvinnedagen handlar om.

Mykje av Me too-kampanjen handlar om skjulte samfunnsstrukturar. Om ubalanse i makt mellom (ofte) eldre menn og (ofte) unge kvinner mange har visst om, men likevel har fått leve vidare. I politikk. I kulturliv. I media, organisasjonsliv og arbeidsliv. I Sogn og Fjordane like mykje som i Oslo.

Heilt til no. For éin ting er sikkert: Det som har kome fram gjennom Metoo kan ikkje lenger unnskyldast eller bortforklarast. Det som vart sett gjennom fingrane med før hausten 2017, er ikkje greitt no i 2018. Det går ikkje lenger an for ein «tafsande» mann med makt å seie at han ikkje visste, at han ikkje forsto. Perspektivet har forandra seg. For godt.

Lokalt i Nordfjord har vi også fått ein vekkar. I alle fall kan eg seie det for min eigen del. Fjordenes Tidende har gjennom reportasjeserien «Likestilt» i over eitt år sett søkelys på kvinner sin posisjon i våre lokalsamfunn. Om korleis strukturar og tradisjonar gjer at kvinner og menn enno ikkje «spelar same spel» - i politikk, yrkesliv og organisasjonsliv lokalt.

Eg skal vere så ærleg å seie at eg gjennom «Likestilt» har fått eit nytt sett med briller å sjå våre eigne lokalsamfunn på. Om at du som kvinne må tåle små «stikk» knytt til det at du er kvinne. Og at det i praksis er tøffare å vere kvinne i ein framskoten posisjon i Nordfjord enn å vere mann - fordi du blir vurdert på ein annan måte.

Elin Ørjasæter, forfattar av mange gode bøker om leiing, har påpeikt at ein kvinneleg leiar kan bli tillagt heilt andre vurderingar enn ein mannleg leiar sjølv om ho utøver leiarrollen på same måte. Ein mann som er ein sterk og tydeleg leiar - kanskje litt røff i kantane - blir akseptert. Ei kvinne som utøver leiarrollen på same måte, kan i følgje Ørjasæter ofte bli sett på som «krenkande» og «for tøff» av dei ho er leiar for.

Vi tåler rett og slett mindre av kvinner enn av menn. Kvinner som vil opp og fram, må nesten alltid vere betre enn menn som gjer tilsvarande karriere, og vil oftare risikere å bli «sparka ut».

Dette er mekanismar som finst, og som vi må ha i bakhovudet. Også i mitt virke som ordførar i ein kommune med mange kvinnelege - og dyktige - leiarar på alle nivå.

Eg er veldig glad for at Ap, Sp og SV lokalt har gått saman om eit 8. mars-arrangement også i vår vesle bygd. Det er viktig, ikkje minst i kjølvatnet av Me too. Dei andre politiske partia i Eid kunne med fordel ha blitt med. Eg kjem i alle fall og deltek - fordi vi ikkje er i mål med å skape eit likestilt samfunn.

Gratulerer med dagen!