Dette innlegget er skrive av Eivind Hjellum frå Florø:

Å samle kreftene kan berre styrke oss!

Eg har budd mange stader i mitt liv - mest her i landet, men også utanlands.  Ein gong var eg overtydd om at sunnfjording kjem eg i alle fall ikkje til å bli. No har eg budd i Florø i 30 år og har ikkje hatt det vondt.  Det hadde eg heller ikkje i Sogn eller i Bergen  eller Sunnhordland.

Heller ikkje i Oslo, men det er den einaste staden eg har høyrt unge velutdanna intelligente folk som sa at «jeg  kan ikke tenke meg å bo andre steder enn i Oslo, ass.»   Det er fint at ein likar heimstaden og heimkommunen sin, men i dag kan ikkje eit opplyst menneske  meine at om kommunen skiftar namn og grensene vert endra, så vil det vere til hinder for at ein skal trivast minst like bra som før.

OK, det hadde kanskje vore trygt å vite akkurat korleis livet vil arte seg med nytt kommunenamn og ny logo på posten frå kommunen.  Mitt tips er at det kjem til å bli omlag som før. Kanskje må floraværingar ta ein telefon til eit kontor i Måløy om enkelte saker, kanskje vil  måløyværingar få post frå eit kommunalt kontor i Florø. Inga «konsekvensanalyse»  kan fortelje oss akkurat kva  framtida vil bli, men mest truleg vil  Kinn kommune fremje våre interesser med  større vekt  enn om to mindre kommunar argumenterer kvar for seg?

For mange år sidan arbeidde eg i ei verksemd i Akergruppa. Onar Onarheim, som bygde opp og leia dette kraftsenteret i norsk industri sa ein gong at han i sitt arbeid hadde hatt å gjere med mange enkeltpersonar frå ulike stader og ulike miljø. Han hadde kome til at noko hadde han hatt å lære frå alle han hadde hatt med å gjere.

Ein ny  kommuneorganisasjon med nye og gamle aktørar som skal ta større ansvar og forvalte større ressursar, bør bli ein stimulerande arena både for dei som skal arbeide der, dei som skal styre kommunen og alle oss som frå tid til anna skal nytte oss av kommunen sine tenester. Endringar  på eit eller anna område kjem med aukande frekvens. Vi  kan sjå positivt på moglegheitene eller vi kan la oss skremme.

Eg har aldri budd i Måløy, men eg  har i mitt arbeid og i organisasjonslivet blitt kjend med mange Måløyværingar og det har vore utelukkande positive kjennskap.  Eg ser fram til at Vågsøy og Flora blir eitt lag som skal samle kreftene om å utvikle denne vestkanten av landet til å bli ein god stad å bu og invitere stat og fylke til å bruke av sine ressursar litt  lenger vest enn dei har hatt for vane å gjere.

Men skal vi bli høyrde, må vi synge i same kor elles blir det berre støy som ingen vil høyre på.