Lesarinnlegg:

«Mine betraktningar rundt Kinn kommune»

Vidar Andersen vart rørt då Vågsøy i mars i fjor sa ja til ei samanslåing med Flora. Personane som står på bildet stemte imot samanslåinga. Arkivfoto 

Meninger

Vidar Andersen, som er tilsett og innbyggjar i Flora kommune, har skrive dette innlegget:

«Mine betraktningar rundt Kinn kommune»

Eg er tilsett i Flora kommune, og har vore det sidan 2014, og har prøvd å følgje med på diskusjonen som pågår rundt etablering av Kinn kommune.

Mitt ståstad er at eg er interessert i samfunnet rundt meg, og spesielt kysten av Sogn og Fjordane. Det kunne vært skreve mykje om tapte kamper internt i vårt fylke, men det skal eg ikkje bruke tid på, men heller prøve å se framover.

Kinn kommune er vår store moglegheit. Vågsøy og Flora i lag er «dynamitt og nyskapande» i positiv forstand.

Litt om mitt forhold til Vågsøy. Eg har vore relativt mykje i Vågsøy sidan 1980 og nesten fram til i dag. Kjenner til geografien og bygdene rundt på øya og fastlandet på ein slik måte at eg kan orientere meg i landskapet. Trur det er mange frå Flora kommune som er nysgjerrig på Vågsøy, og eg hadde bestemt meg for å snakke varmt om Vågsøy og deira styrke og kanskje moglegheitar, for det er det!


Lesarinnlegg:

«Ja til Kinn»

Eg må seie at når vedtaket kom i Vågsøy kommunestyre så blei eg veldig rørt. Tenk å få være med på denne store moglegheiten dette gir oss. Engasjementet i saka, spesielt i Vågsøy har vore stort, og til tider litt skremmande i etterkant. Eg leser det som står i lokalavisa og på ulike nettstadar. Det kan bli ganske sterke ord og sett utanfrå kan det opplevast som ei nedsnakking av eige område: at bodskapen om at vi vil ha det som vi har det i dag og at nye ting ikkje vil fungere, er sterk og høg. Dei positive kreftene blir ikkje trudde på noko av det dei skriv og meiner.

Vågsøy og Flora må ta dei grepa som kysten fortener. Den jobben må politikarene i dei respektive kommunane gjere. Det er jobben deira. Fellesnemnda må på bana på ein heilt anna måte. Dei må komme seg heilt ut av startblokkene, og være litt meir synleg. Det ser unekteleg rart ut når medlemmer i nemnda er meir opptatt av å stoppe eller reversere eit mandat dei har fått i frå sine kommunestyre, enn å bygge den nye kommunen.

Vi som innbyggjarar må forholde oss til våre politikarar. Vi skal ha respekt for tida og engasjementet dei har. Oppgåva dei har påtatt seg er stor og til tider sikkert svært vanskeleg. Derfor er det enda viktigare at dei brukar tida godt og drar fram mot målet med ein samla strategi. Ueinigheit er lov. Det å bare omgås folk som ønsker Kinn velkommen eller bare folk som ikkje ønskjer Kinn velkommen gir aldri eit godt resultat, men det er ei forferdeleg sløsing med tid og krefter å sette seg så på sida, at ingenting skjer. Det kan godt være strategien, men den er i så fall lett synleg og gjennomskodleg.


For ein som er tilsett i dagens kommuner, er det både spennande det som skjer i alle arbeidsgrupper, men og litt fortvilande å sjå at fokuset held på å forsvinne ut på sidelinja på grunn av sprikande signal frå det politiske miljøet. Eg kan ikkje snakke for andre enn meg sjølv, men dei synergiane og kompetansemiljøa som er under etablering er veldig spennande. Trur nok at nokre av dei tilsette tenker at det må være godt å få fleire kollegaer å støtte seg på i ei vanskeleg avgjerd. Det er mange som jobbar med saker, som har betydning for innbyggjarane. Slik eg formulerte meg lengre oppe i innlegget er det heilt spesielt og inspirerande å få være med å bygge den nye kystkommunen av Sogn og Fjordane.

Ein ting er eg sikker på, og det er at det vil komme fleire kommunar til den nye Kinn over tid. Ha tolmod med prosessane som går. Ikkje vær redd for framtida. Grip den og bruk den til noko for mange ukjent, men som vil bli heilt fantastisk.

Vi er tilsette for å levere gode tjenester til innbyggarane i våre kommunar. Det er hovudoppgåva, men det å være i forkant og sjå moglegheiter er og viktig.


Lesarinnlegg:

«Svar til Ap-leder»