Styreleiar Torkjell Djupedal i Venner av Selja kloster har skrive dette lesarinnlegget:

Styret i Venner av Selja kloster har drøfta saka om turistinformasjonen og bruken av Sunnivahuset i Selje sommaren 2018. Underteikna har som styreleiar teke opp saka både med rådmann og ordførar.

Venelaget er kjend med at kommunen ønskjer å ha turistinformasjon i servictetorget i kommunen i 3. etasje i kommunehuset. Opningstidene vert då vanlege arbeidstider i kommunen. Vi meiner dette er ei svært dårleg løysing som ikkje vil vere særleg til hjelp for turistar i Selje. Det vil vere ei tungvint og vanskeleg plassering for folk å finne fram til, og opningstidene vil vere dårleg tilpassa behova til turistane. I tillegg er inngangspartiet til kommunehuset ikkje særleg presentabelt.

Løysinga med turistinformasjon i servicetorget framstår endå dårlegare når ein ser på alternativet, nemleg Sunnivahuset (det gamle kommunehset). Sunnivahuset ligg flott til like ved Seljevågen og med ei staseleg plassering og flott inngangsparti.

Sunnivahuset er ein attraksjon i seg sjølv, med svært mange utstillingar og tilbod:

  • Utstilling om klosteret på Selja (som opphavleg var vist på Bryggens museum i Bergen)

  • Klosterutstillinga som tidlegare var i presetgarden i Selje

  • Utstilling om arbeidet i klosteret på 1930-talet: Ruinarbeidaren.

  • Sunnivagalleri, dvs bilete av alle Sunniva-figurar frå mellomalderen, som tidlegare var utstilt på Selje hotell

  • Utstilling om Stad skipstunnel

  • Utstilling om kystpilegrimleia (om Bergen, Gulatinget, Kvernsteinsparken, Kinn og Selja)

  • Broder Oles bibliotek, som er ei boksamling med litteratur om kloster og kulturhistorie. Boksamlinga er fritt tilgjengeleg for alle som kjem innom Sunnivahuset.

  • Kystgeitutstillinga, laga av Nordfjord folkemuseum

  • Stillerom for pilegrimar

  • Krigshistorisk utstilling for Selje kommune

I tillegg finst det ei skuleutstilling, som no er no nedpakka, men kan setjast opp. Utstillinga omhandlar skulehistoria i Selje.

Sunnivahuset vart til i samarbeid mellom Selje kommune, Venelaget og den nyskipa Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad, der stiftinga vart eigar av huset. Ein føresetnad for Selje kommune var at kommunen vederlagsfritt kunne ha turistinformasjon i huset.

Mange gode krefter, m.a. frivillige i venelaget, har i stort omfang stilt opp på dugnad og oppgradert huset og utstillingane, slik at det i dag framstår som eit flott besøkssenter med variert innhald, både retta mot turistar og fastbuande. Rett innanfor inngangen er det ein flott resepsjon til turistinformasjon og eit høveleg lokale ved sida av til brosjyrer, bøker og evt varer til sal, slik det var i fjor. I resepsjonen er det betalingsterminal og kasse, og i huset er det internettdekning.

Det er såleis godt mogleg for vertskapet i huset å kombinere arbeid i turistinformasjonen med andre oppgåver, også administrative oppgåver som servicetorget elles tek seg av. Ei naturleg oppgåve vil også vere å jobbe med informasjon om Selje på internett, sidan dei fleste turistar i dag orienterer seg om reisemåla sine på internett. Men informasjonen på internett vert ikkje lagt ut av seg sjølv, nokon må gjere jobben, og den kan like gjerne gjerast frå Sunnivahuset som nokon annan stad. Ei anna oppgåve vil vere samarbeid med reiselivsnæringa i Selje og koordinering av tilbod innan reiselivet, og også denne oppgåva kan godt gjerast frå Sunnivahuset.

Eit argument med turistinformasjon i Sunnivahuset har vore meirkostnader med denne løysinga, men dei vil vere marginale: kommunen betaler ikkje husleige i Sunnivahuset, og det er alt i dag tilrettelagde arbeidsplassar med internett. Vi føreset at kommunen nyttar arbeidskraft som dei alt disponerer. Einaste meirkostnaden kan vere knytt til utvida opningstider, men dette ein meirkostnad som absolutt bør prioriterast, men som heller ikkje treng vere særleg stor, når vi snakka om  nokre få månader i sommarsesongen 2018. Eit alternativ kan vere å nytte gaidane i klosteret som turistvertar utanfor vanleg kommunal kontortid.

Uansett kvar turistinformasjonen vert lagt, så må han skiltast godt. Det vil også gjelde ei evt ny plassering i 3. etasje i kommunehuset. Skiltinga til Sunnivahuset må også gjerast betre, både tilkomstskilt ved innfartsvegen og nede på torget, og på sjølve huset. Skilta som er der i dag bør gjerast mykje større, og slik at alle som er i sentrum, på torget og ved Seljevågen lett finn fram.

Oppsummert vil Venner av Selja kloster oppmode på det sterkaste politikarane i Selje om å nyttegjere seg Sunnivahuset ved å leggje turistinformasjonen dit, også i 2018. Sunnivahuset er ein attraksjon i seg sjølv. Ein skal leite lenge etter å finne tilsvarande med same kvalitet. Folket i Selje og Selje kommune bør ha stor interesse i å få godt besøk i Sunninvahuset, og, huset er den opplagde staden for å ha turistinformasjon.  Det er enno ikkje for seint å ombestemme seg.