Styret i Nei til Kinn, som består av Fredrik Egeberg, Tom Andre Hopland, Sidsel Kongsvik, Geir Ove Refvik og Kent Hammersvik, har skrive dette lesarinnlegget:

«Kor tid vart du sannferdig, Heggheim?»

Før folkeavstemminga i Vågsøy er vi vitne til ein rein informasjonskrig, der innbyggjarane skal prøve å danne seg eit bilde av kva som er rett eller galt, fakta og kva som vert følgjene for ein i framtida. Sentralt står informasjonen frå fellesnemnda og Terje Heggheim. Folk må merke seg at Heggheim og ja-sida berre snakkar om Kinn og om tru og håp for den nye kommunen.

Den relevante objektive informasjonen om kor vidt Kinn er ein betre idé for Vågsøy, målt mot om Vågsøy står åleine, kjem i liten grad frå Heggheim som er prosjektrådmann for Kinn. Det er heller ikkje så vesentleg kva som blir sjølve resultatet av arbeidet i fellesnemnda, då alle vedtak berre gjeld til eit nytt kommunestyre for Kinn er i drift og eit nytt kommunestyre vert ansvarleg for eit nytt budsjett i balanse.

Den breie vurderinga i saka burde vore i rådmann Leite si sakshandsaming før Kinn-vedtaket, men der står i hovudsak berre fire sider med missvisande informasjon samt nokre udokumenterte påstandar om betre økonomi som i stor grad er tilbakevist som feil. Professor i forvaltningsøkonomi og tidlegare rådmann i Bergen og Kristiansand, Bjarne Jensen, har konkludert med at Kinn ikkje på nokon måte var tilstrekkeleg utgreidd før vedtaket vart gjort i Vågsøy.

I denne saka er det ikkje lett å vete kva eller kven ein skal tru på. I Telemarksrapporten, som Jan Tore Sanner bestilte, kjem det fram mykje. Fylkesmannen sine tre tilrådingar og konklusjonane er og rimeleg klare, men det er først i Bjarne Jensen sin rapport ein får ei god vurdering på om Kinn er ein god eller dårleg idè for Vågsøy. Denne bør alle lese.

Det er eit utruleg faktum at det er innbyggjarane sjølve som gjennom kronerulling, må finansiere ein rapport for å få ei normal utgreiing på plass for Vågsøy kommune i denne saka.

I eit lesarsvar til Nei-til-Kinn ber Heggheim om sannferdigheit. Spørsmålet gjaldt om han har lova lønsauke til Vågsøy sine tilsette om Kinn vert ein realitet? Det vesentlege bodskapet i saka må være at viss Heggheim har formidla det som står i intensjonsavtalen til dei tilsette, så veit dei kommunalt tilsette at lønna vil gå opp, om dei stemmer ja til Kinn.

Heggheim står i lys av Vågsøy sin rådmann Leite, fram som ein handlingas mann. Når han i talar snakkar om «likeverd», så er det fort gjort å få tillit til at Kinn og Heggheim er vegen inn i framtida. Då må ein ikkje gløyme at Terje berre gjer den jobben han får betalt for og gjer sitt beste for å snakke fram denne «grenselause» Kinn kommunen på best mogleg måte.

No skriv Heggheim i sitt lesarinnlegg at han i samtalar med tilsette også informerer om det som er vanskeleg. Dette synest vi Heggheim òg burde gjere til alle innbyggjarane og folkevalde, når det til dømes vart halde folkemøte. Der opplevde ein det motsette. Heggheim unngikk då konsekvent å snakke og informere om det som er vanskeleg, medan innbyggjarane forventar og har tillit til at Heggheim tek med heile bildet. Heggheim fekk seinare kritikk for informasjonsmetoden på eit møte i fellesnemnda, men å få Heggheim på eige initiativ i tale og komme med ei sannferdig framstilling, trur eg ikkje vi vil oppleve. Derfor har vi no lista opp nokre spørsmål som vi forventar at Heggheim vil svare på, sidan informasjonen tilsynelatande er noko både Heggheim, Teigen og Maurstad er særdeles opptekne av.

1. Det er sjølvsagt at likt arbeid i same kommune skal ha same lønsnivå. Kor store ekstrakostnader vil dette medføre for Kinn?

2. På folkemøte informerte du om at Flora si lånegjeld var 1,4 milliardar kroner i 2016-tal og Vågsøy si lånegjeld var på 553 millionar kroner. Du unnlèt å fortelje at Flora sin langtidsøkonomiplan viser 1,0 milliard kroner i nye investeringar i Flora og 744 millionar kroner i nye låneopptak fram til 2021. Vågsøy sin økonomiplan viser til samanlikning berre 198 millionar kroner i nye låneopptak i same 4-årsperiode.

A) Kan du bekrefte lånegjelda til Flora og planane for nye låneopptak nemnt ovanfor?

B) I fellesnemnda orienterte plansjef i Flora om alt dykk skal bygge for 1,0 milliard dei neste åra. Kan du presentere desse byggeprosjekta og forklare kva dette er? I kva grad får innbyggjarane i Vågsøy nokon nytteverdi av desse store investeringane?

C) Stemmer det at badeanlegg i Vågsøy, som står nemnt i intensjonsavtala (første etasje hotell) ikkje er med i nokon finansieringsplan? Kan du garantere at det finnast pengar i Kinn til dette?

D) Viss begge kommunane gjennomfører sine investeringsplanar, vil samla gjeld kome opp mot 2,9 milliardar kroner. Korleis ser du då føre deg at ei renteauke på 2,0 prosent vil påverke handlingsrommet for Kinn kommune?

3. A) I følgje din presentasjon om økonomi, viste du til at Kinn vil få 195 millionar kroner i meirtilskot fram til år 2034, vurdert mot om kommunane stod kvar for seg. I følgje tal du viste fram, er 79,4 millionar kroner ekstratilskot ein får før 2020, medan to andre tilskot i utgangspunktet vil føre til 7,7 millionar kroner i årlege meirinntekter frå 2020-2034. Summen av dette vert, som du hevder, 195 millionar kroner. Er du, Terje Heggheim, einig i at ein kan legge til grunn at dei første 79,4 millionane i stor grad går med til kostnadar med å byggje kommunen, inkludert alt som fører med av sluttpakkar for tilsette m.m.?

B) Er du einig, Terje, i at viss Vågsøy går opp i arbeidsgjevaravgift, så vil dette medføre ein ekstrakostnad på 9,8 millionar årleg og at Kinn då sjølv med dei statlege overføringane kjem dårlegare ut enn om kommunane var kvar for seg frå 2020 og framover?

C) Når du på folkemøte informerte om tilskotsordninga for reforma, kvifor sa du då ingenting om den nedgangen i inntekter som kjem frå 2034-2040?

Du veit veldig godt at perioden for reformtilskot er 15+5 år, der ein i utgangspunktet får 15 år med «gulrot» og dei siste 5 åra får ein gradvis reduksjon. På folkemøte informerte du berre om «gulrot-perioden» og nemnde ingenting om nedturen som veit kjem.

Du veit godt at inndelingstilskot er ei ekstraordinær tilskotsordning for kommunar som slår seg saman og at dette tilskotet vert ein del av inntektssystemet frå 2020, men vert redusert til 0 dei siste 5 åra av perioden og då forsvinn.

For Kinn skriv Telemarksforsking at dette tilskotet er på 17,1 millionar. Denne ordninga har vore tilgjengeleg og i bruk for samanslåingar sidan 2001. Kvifor sa du då at du ikkje viste noko om perioden etter 2034, når det du veit er at dette tilskotet forsvinn, slik Telemarksforsking og Bjarne Jensen har bekrefta?

D) Du nemnde òg noko om ein gevinst for meir effektiv drift i den nye kommunen på årleg 3,2 millionar. Vi veit at du enno ikkje er ferdig å rekne på noko som helst og at beløpet du nemnde, berre var eit eksempel på mogleg innsparing på administrasjon som du fant i Telemarksrapporten. Kan du bekrefte dette?

Vi vil påstå at det er graverande å ikkje informere om heile det kjende økonomiske bildet når du forklarer noko. Framtidige reduksjonar i inntekter som er ein del av reforma, fortel noko om forventa behov for framtidig økonomisk effektivisering og er dermed vesentleg informasjon. Eg ber om at du omtalar det som eg har nemnt ovanfor.

4. Om arbeidsgjevaravgift, så uttalte du på folkemøte at ein etter 2021 får ein revisjon og eit heilt nytt regime og alt er uvisst. No ser vi at dykk har skreve brev nummer to til kommunalministeren, der det er tydeleg at dykk no erkjenner at Vågsøy vil gå opp i sone etter dagens gjeldande regelverk.

Sitat: «Vi veit at Kinn ikkje møter hovudkravet om notifisering i sone 2.»

Vidare «Tapet av differensiert arbeidsgivaravgift vil langt på veg oppheve dei økonomiske insentiva som følgjer med kommunereforma»

Dykk søker her om at Flora skal få komme ned på Vågsøy sin sats. Noko som er lite truleg då det vil skape presedens og som dokke ikkje vil få svar på før i 2021?

Vi bør alle vere særdeles opptekne av at ein rådmann som skal stå fram upolitisk og objektiv, legg fram den heile og fulle sanninga. Innbyggjarar og ikkje minst 16-åringar som no skal stemme for første gong, har krav på at informasjon ein får er korrekt.

Vi ber innstendig om at du no bruker litt tid og svarer konkret og utfyllande på spørsmåla ovanfor.

Vi og de fleste andre ventar no spent på svar.