Lesarinnlegg:

«Om turistinformasjon»

– Dersom næringa er flinke til å informere turistane om kvarandre, pluss brosjyrer og enkel info i butikk, samt at vi får oppegåande nettportalar gjennom Visit Nordfjord, så vil turistinformasjonen fungere godt også i 2018 og vidare langt inn i framtida, skriv Raymond E. Myren i dette lesarinnlegget. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Raymond E. Myren,kommunestyrerepresentant for Selje KrF:

«Om turistinformasjon»

Det har vore diskutert ulike løysingar angåande turistinformasjonen i Selje kommune. Mange ser ut til å reagere på at det er planar om å flytte turistinformasjonen frå Sunnivahuset til administrasjonsbygget i Selje sentrum. Eg meiner her er mange sider ved dette tilbodet som ikkje er vurdert og drøfta.

I Torkjell Djupedal sitt innlegg frå Fjordenes Tidende 09.05.18 ser det ut som der finnast berre ei rett løysing for turistnæringa i Selje kommune. Eg meiner det er feil. Turistnæringa ser kanskje ikkje slik ut som ein fyrst trur.


 

Dersom ein legg til grunn at mesteparten av turistane som kjem til Selje kommune nyttar Selje sentrum som hovudinnfallsport til våre attraksjonar, så gjev Torkjell sitt innlegg meining. Ein bør kanskje då sluse mest mogleg fysisk igjennom denne «portalen» (les: turistinformasjonen) slik at vi får informert kvar turist med rett informasjon om alle våre attraksjonar.

Ein riktig ende å byrje i må heller vere å kartlegge turiststraumen til kommunen slik den faktisk er og dimensjonere tilbodet etter det. Kanskje burde vi ha eit heilt anna tilbod enn det vi har i dag. Her er mange attraksjonar som også kunne hatt eigne guidar. Klosterguidane kunne også guide over Dragseidet og Hovden m.m.

Kanskje kan vi desentralisere tilbodet? Turistinformasjon i butikk/hotell ville vore ein genistrek. Då er i allefall utfordringane med opningstidene eit «ikkje tema» lenger. I vår tid har ikkje turisten same tanke/bevegelsesmønster som før. Eg trur svært få leitar seg fram til den fysiske turistinformasjonen som sådan. Verdsveven er komen for å bli. Den har for alltid endra våre vanar. Vi lyt vel ta dette også inn over oss. (Det er forøvrig også nevnt i Torkjell sitt innlegg.)

Når det er sagt, må eg legge til at der er ei flott, eller fleire flotte utstillingar på Sunnivahuset som bør opplevast. Har sjølv vore der og sett arbeidet som har vore lagt ned i historieformidling på høgt nivå. Det skulle vere normalt å anbefale eit besøk her til turistar som dukkar opp på andre destinasjonar i Selje kommune. Dersom næringa er flinke til å informere turistane om kvarandre, pluss brosjyrer og enkel info i butikk, samt at vi får oppegåande nettportalar gjennom Visit Nordfjord, så vil turistinformasjonen fungere godt også i 2018 og vidare langt inn i framtida.