«Svar til Heggheim»

Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt. Arkivfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.

«Svar til Heggheim»

Først: Takk for at du brukar tid til å svare. Og at det skjer i ein god og sakleg tone.

Veldig greitt også at vi kan konstatere at på 2 av dei 4 punkta eg tok opp i mitt innlegg er vi samde. Såleis slepp vi å bruke unødig tid og spalteplass på dette med rammetilskotet og lønnsskilnadane. Då må vi altså gå ei runde til på dette med arbeidsgjevaravgifta og lånegjelda.

Om arbeidsgjevaravgifta:

Vær grei å sitere meg rett når du skal repetere kva eg meiner om dette. Eg ”tek ikkje for gitt” at Kinn vil få høg sats på arbeidsgjevaravgifta. Det eg skreiv var at:

• «..dermed får vi ikkje det endeleg svaret før 1.1.2021»

• «Det finst ingen fasit»

Eg skreiv kva eg meinte var sannsynleg ut i frå: 1. Brev frå Jan Tore Sanner, 2. Telemarksforsking sin rapport og 3. Erkjenninga i fellesnemnda sin eigen søknad om å sleppe å bli plassert i sone 1a.

Konklusjonen min blei difor at eg legg til grunn at Kinn vil få høg sats. Eg konstaterer at desse 3 premissane/argumenta står uimotsagt og tolkar det slik at vi er einige om at dette talar i den retning eg legg til grunn. Kva legg du Heggheim og fellesnemnda i sannsynlegheits-vektskåla? Ikkje anna enn eit ønske og håp om at departementet skal bruke skjøn i saka. På dette punktet får vi berre vere einige om å vere ueinige i kva som er mest sannsynleg.

Du brukar ganske mykje av innlegget ditt til å gå i rette med meg (og andre) som er så sikre på at Vågsøy får fortsetje i sone 2. Har eg sagt eller skrive noko om at eg er sikker på det, Heggheim? Dette temaet hadde eg tenkt å komme inn på i mitt neste innlegg som m.a. skal handle om Vågsøy sine vilkår ved å fortsetje å stå åleine. Men eg er einig i at det burde ha stått i mitt innlegg at føresetnaden for den store skilnaden på rundt 10 mill. årleg sjølvsagt var at Vågsøy fortset i si gamle soneplassering. Eg konstaterer at vi då er einige om at dersom dette skulle skje så ville det bety ei vesentleg forverring for Vågsøy.

Det er også tankevekkande at du reknar med og aksepterer at eit eventuelt unntak frå høg sats for Kinn berre vil vere som ei overgangsordning. Dersom Stad og Bremanger forset som no med låg sats vil det vel vere ein viss fare for at dette kan verke inn på kvar industriverksemdene vil føretrekke å etablere seg?

I innlegget ditt bed du også om mine svar på kvifor Nei til Kinn, Bjarne Jensen og andre unnlet å skrive om dette og hitt. Du forstår vel at eg ikkje kan svare på kva andre gjer og ikkje gjer?

Om lånegjelda:

Igjen må eg be om at blir imøtegått på det eg skriv – ikkje på ting eg aldri har hevda. Har eg «skapt eit bilde av at Flora …er så sårbare»? Har eg hevda at Flora vil «investere seg til fant»? Det eg har hevda er for det første at Flora har forholdsvis høgare gjeld enn Vågsøy. Du har innvendingar mot dette og nyanserer bildet ved å sjå på den såkalla sjølvfinansierande gjelda. Eg er ikkje så begeistra for denne inndelinga. Av to årsaker. Den eine er at vi som kommune vanlegvis ikkje blir målt på den måten. Det er den samla gjelda som tel. Og det andre er at det uansett er kommunen som må svare for auka kostnader når rentene stig. At ein i neste omgang kan velte delar av desse kostnadane over på innbyggarane i form av auke i vassavgift, bossavgift, auka husleige i omsorgsbustadane osv. gjer det kanskje ikkje akkurat meir attraktivt å bu i kommunen?

Men sett i eit reint rekneskapsmessig perspektiv, frå ein rådmann eller økonomisjef sin synsstad, kan eg vere einig i innvendingane.

Vidare skreiv eg at «endå viktigare er det at Flora har vedteke å auke gjelda si forholdsvis mykje meir enn Vågsøy dei neste åra. Dette vil føre til ei forverring for Vågsøy sin del». Dette velger du å ikkje kommentere i det heile, Heggheim. No må eg innrømme at eg ikkje kjenner Flora sin økonomiplan i detalj. Eg bygger dette på oppslag i media. Men dersom det er slik at ein i Flora har vedteke å auke lånegjelda med over 700 mill fram mot danninga av Kinn så er vi vel einige om at Vågsøy sine innbyggarar vil få meir gjeld å betale ned på som innbyggarar i Kinn? Samanlikna med om ein berre skulle forholde seg til den gjelda som er planlagt i Vågsøy sin eigne økonomiplan?

Eg sit igjen med eit inntrykk av at du overhovudet ikkje ser at der er noko skilnad for Vågsøy sin del her og at du på ein måte bagatelliserer den store lånegjelda Flora får dei neste åra. I så fall får vi berre vere einige om å vere ueinige på dette punktet også.

Til slutt: Du uttrykker håp og tru om at Raudt skal  gjere sitt til å rette opp skeivheter framover. Og der kan vi i alle fall vere heilt samde! Anten det no blir i Kinn eller i Vågsøy og Flora.