Karl Egil Johansen har skrive dette lesarinnlegget:

Vågsøyværing eller «kinnesar»?

Som menneske har vi alle ein geografisk identitet, eit stad vi kjenner vi høyrer til, ein stad der vi har våre røter. Det gjeld sjølv om ein ikkje bur på denne staden lenger. For min del har eg budd borte frå Vågsøy sidan eg var 17 år, og som så mange andre, den lengste tida i Bergen. No har eg passert 70 år, men bergensar blir eg likevel aldri. Min identitet vil for alltid vere knytt til Nordfjord, Vågsøy og særleg bygdene nord for Skåra. Det er dette som er heim for meg. Det årlege arrangementet «Heim i haust» på Raudeberg fortel at det er mange som kjenner det slik, også blant folk som er langt yngre.

I eit vidare perspektiv har ytre og midtre Nordfjord, medrekna store delar av Bremanger, hatt mykje til felles. Det er nok å bla litt i den flotte Nordfjord-boka, så ser ein fort dette. I eit av sine mange verk kring 1860 skreiv presten og samfunnsforskaren Eilert Sundt om den spesielle mentaliteten i Nordfjord, som skilde seg frå den han meinte å finne i Sogn og Sunnfjord. Slikt har mykje med graden av kontakt å gjere. Fram til om lag 1960 gjekk det ein stadig flyttestraum frå indre og midtre Nordfjord utover mot kysten. Framfor alt gjaldt dette Måløy, der veksten i periodar var eksplosiv. Blant dei mange tilflyttarane her tidleg på 1900-talet var Skaar-familien frå Stryn og Dombestein-familien frå gamle Davik, dei fremste skaparane av det moderne Måløy.

Alt i alt kjenner vel dei fleste i Vågsøy seg som vågsøyværingar og nordfjordingar – ikkje som «kinnesarar» og sunnfjordingar. Nokre vil seie at dette smakar av gammal nostalgi. Til dette er å seie at identitet er ei viktig sak, ikkje berre for enkeltmennesket, men også for lokalsamfunnet. Om tilhengjarane av denne merkeleg kommuneeininga hadde klart å dokumentere store gevinstar av denne samanslåinga, økonomiske eller andre, ville nok likevel dette for mange vere avgjerande. Men så langt har gevinstane vore vanskelege å få auge på. Det er ikkje nok å love «sterke og levande lokalmiljø (…) der naboar bur side om side og kommunen hjelper til med det ein treng» (jf. lesarinnlegg frå ein av Venstre sine representantar i Fjordenes Tidende 20. april 2018).

Ein kan gjere seg så mange slags tankar om denne saka. I over 20 år har eg kvar vår reist med historiestudentar til Polen og Tyskland. Eit av mange tema har vore det gamle Aust-Tyskland eller DDR. I 1953 var det ein stor arbeidaroppstand i denne kommuniststaten. Oppstanden vart slegen ned med våpenmakt. Samtidig kom regjeringa med ein uttale der det heitte at folket hadde misbrukt tilliten deira, og berre kunne vinne den tilbake ved å arbeide dobbelt så hardt. Diktaren Barthold Brecht skreiv eit dikt om dette. Her stilte han følgjande spørsmål: Var det ikkje mykje enklare at regjeringa løyste opp folket og valde seg eit anna? – Kanskje er det dette som skal til må til om tilhengjarane av Kinn skal få det som dei vil…