Dette lesarinnlegget er skrive av Kari Osmundsvaag, Kristine Schielderup, Turid Vika Skram, Hans Erik Stenseth, Anne Mabel Nybakk, Doris Christensen og Kari-Anne Andersen Nygård, alle tilsette i Flora og Vågsøy kommune.

Bruk tida framover til å bygge Kinn kommune

Det er for tida stort press på prosjektrådmann for Kinn kommune, Terje Heggheim. Kommunestyrepolitikar i Vågsøy, Geir Oldeide (Raudt), stiller «kin(n)kige spørsmål» i Fjordenes Tidende, og Nei-til-Kinn ventar svar på ni spørsmål dei stiller i lesarinnlegg.

På sosiale medium og i Fjordenes Tidende blir det gjennom lesarinnlegg og i kommentarfelt sådd tvil om Heggheim si truverdigheit. Det blir hevda at Heggheim ikkje informerer korrekt om utfordringar – at han er betalt for å framsnakke Kinn kommune – at han ikkje blir ferdig å rekne på det som kallast «skyggebudsjett», og i presise ordelag hevdast det faktisk at han ikkje er sannferdig. Rådmann Heggheim har svart på Oldeide sitt innlegg, og alle interesserte kan lese det sjølv (Svar på kin(n) kige spørsmål). Dei er einige om noko, men ikkje alt sjølvsagt.

Tilsette i kommunane høyrer diskusjonen, og vert urolege over ikkje berre ordval og stygt språk – men også over at dette verkar negativt inn på det fokus alle som arbeider i organisasjonen no bør ha; nemleg å arbeide godt, intensivt og i høgt tempo med alt som skal vere på plass før 1.1.2020 når Kinn kommune skal vere på plass. Rådmann Heggheim er tilsett av Vågsøy kommune og Flora kommune, og politikarane er dermed arbeidsgjevarar for Heggheim. Han er sett til å styre arbeidet med samanslåinga som vart vedtatt – ikkje i kommunane våre – men i Stortinget, der 169 representantar var samla når samanslåing av Flora og Vågsøy kommunar skulle avgjerast den 8. juni 2017. Stortinget vedtok samanslåing av Flora og Vågsøy kommunar frå 1.1.2020 med 92 røyster for og 77 røyster mot.

Stortinget vedtok 8.6.2017 endringar i kommunestrukturen, jf. Prop. 96 S (2016-2017) og Innst. 386 S (2016-2017). Dette kom i stand fordi kommunane våre søkte om å få lov til å slå seg saman. Det var ikkje søknader som vart sendt i hemmelegheit, men etter opne diskusjonar i kvart kommunestyre og dei politiske miljøa. Det kan verke som dette kom som ei overrasking på nokre politikarar, som no med Nei-til-Kinn-aksjonen i ryggen snakkar fram mistanke om uryddig spel i Vågsøy. Dei legg og til grunn at gitt eit fleirtal mot samanslåing, skal folkerøystinga 11. juni føre til at det vert søkt om å gjere om eller å annullere prosessen. Folkerøystinga er rådgjevande og ikkje bindande. Eit fleirtal i kommunestyret avgjer, ikkje «folket». Dette er del av vårt demokratiske system sine rammer; dei politikarar som vi har valt styrer etter fleirtalsprinsippet i kommunestyret, og ikkje etter det som er folkeopinionens stemme i det opne, offentlege rom som aviser og Facebook. Korleis stemmene fordeler seg etter folkerøystinga i Vågsøy, er såleis ikkje styrande. Det er fleire omsyn politikarane må ta før deira avgjerd kjem. Fornuftige avgjerder er gjort på bakgrunn av den kunnskap som er tilgjengeleg på det tidspunkt som gjeld. Vi meiner at avgjerdene no må bygge på det som allereie er vedtatt og på den kunnskap vi har i dag.

Motstandarane sine argument inneheld krav om at rådmann og andre skal vise kunnskap som om det er «fakta». Det ligg i dette ei forventning om å vite meir om framtida enn det som er mogleg. «Skyggebudsjett» er ei sånn forventning. Det kan godt hende at rådmannen etter kvart kan legge fram det. Kva vil det så innehalde? Jau, tal som er så godt dokumentert som mogleg på dette tidspunktet. Med ei rekke avgrensingar til dømes fordi tenestene sitt innhald ikkje er ferdig planlagde. Meiner motstandarar at rådmannen og alle leiarar i kommunal forvaltning no skal bruke tid på dette for å imøtekomme dykkar behov for «fakta»? Vi meiner at dykkar bruk av ordet «fakta» held folk for narr. Vi ynskjer oss politikarar som no tenkjer lenger fram enn til neste val. Kommune- og regionreforma er omstridt, men det er for seint å gjere om på noko no. Ingen bør tru at noko vert reversert. Svært upopulært naturleg nok, men slik er det. Statsråd Mæland er klokkeklar. Å gå vidare etter nederlag i ei sak er ikkje ukjent for politikarar. Gå vidare no.

Informasjon om det som skjer vert lagt ut på nettsidene til begge kommunane og den nye nettstaden Kinn.kommune.no. Den «informasjon» som vert etterspurt av Nei-til-Kinn og nokre politikarar, bør kunne finnast blant andre politikarar og elles i dei dokument som ligg ope og tilgjengeleg for alle. Rådmann Heggheim treng tida til å gjere arbeidet i oppdraget sitt; å setje saman den nye kommunen. Som vi nyleg las frå Eid så ber Åslaug Krogsæter i tilsvarande posisjon som Heggheim, også om forståing for at administrasjonen skal både drive ein kommune og samstundes legge til rette for den nye. På Eid er det unntakstilstand, og rådmannen ber om ro i den krevjande prosessen.

I Vågsøy er prosjektrådmannen fritt vilt. Dei tilsette håpar politikarar som er positive og ynskjer å bidra til det beste for prosessen, uttalar seg om det dei kan og veit. Og er opne om det ein ikkje veit også. Slik kan innbyggjarane og dei tilsette verte tryggare fram mot både folkerøystinga og ikkje minst fram mot 1.1.2020.