Dette lesarinnlegget er skrive av Terese Gjerde som sit i ei av arbeidsgruppene for Kinn kommune.

Framtida i Kinn er tysdag

Eg har den siste tida deltatt på grendalagsmøta om framtida i Kinn kommune i Deknepollen og på Raudeberg. På desse møta er det informasjon om Kinn kommune og om prosessen med å etablere den. Og sist men ikkje minst, er det ein moglegheit for innbyggjarane i heile kommunen om å delta i å forme den. Å komme med innspel til kva som er viktig for deg i utviklinga av den.

Eg sit i arbeidsgruppa som arbeider med «identitet, kultur og symbol», og vi skal blant anna lage det nye kommunevåpenet og -logoen til Kinn kommune, og vi skal jobbe med ein samlande identitet som både innbyggjarane i Vågsøy og Flora kan kjenne seg igjen i og føle tilhøyrigheit til.

Eg har deltatt på møta i Deknepollen og på Raudeberg for å høyre innbyggjarane sine forventningar og ønske for den nye kommunen som vi snart skal bli ein del av. Det har vore to svært interessante og kjekke møte. Eg håper at det på det siste møtet i Vågsøy, som er i Måløy, møter opp mange frå den vestre kretsen, frå Måløy til Oppedal. Møtet er ope for alle. I media og sosiale medium er det ein del som etterlyser meir informasjon. Sjølv om dette ikkje er eit direkte informasjonsmøte er det ein arena der ein kan skaffe seg mykje informasjon, gjennom det som blir presentert, gjennom innspela frå innbyggjarane og gjennom å snakke med ordførarane og politikarane som er der, ansikt til ansikt.

Det som overraskar meg litt er at ikkje fleire av dei som etterlyser informasjon kjem på slike møte. Eg oppmodar dei derfor til å komme på tysdag 22. mai i Turnhallen. Det hadde vore kjekt om de kom og de er veldig velkomne.

Heldigvis var det mange som møtte på dei to møta som allereie har vore og mange som nettopp ønskte å vere med på å forme Kinn kommune. Takk til alle dykk som møtte. Det var interessant å høre på det de meiner er viktig at Kinn kommune skal gjere for dykkar heimplassar, men òg alt det bygdene og de kan gjere for at Kinn skal bli ein veldig god kommune å bu i både for ung og gamal.

Når vi politikarar veit kva som er viktig for deg som innbyggjarar, er det òg lettare å få det til. Ordførar i Flora, Ola Teigen, ga fleire gode eksempel på bygder som hadde fått til mykje i Flora. Vi har heldigvis mange aktive bygder i Vågsøy òg. På møte i Deknepollen fikk vi blant anna høyre frå Jørgen Blålid om turvegen som er under bygging i Deknepollen nedanfor Måløy Stormarked. Blålid hadde lyst og trua på at dette var mogleg å få til om ein bretta opp ermane. Han viste eit fantastisk engasjement – og etter å ha trua på kommunen, på næringslivet og på oss politikare, så er han i dag godt i gang. Eg er heilt sikker på at turvegen blir endå betre enn han hadde turd håpe på. For vi har eit fantastisk næringsliv som støttar opp. Sjå berre på Coast som gir Måløyraidsenteret pengar til å få bygge Lingehallen slik at Måløy får det senteret byen fortener.

Det er ingen tvil om at vi må lytte endå meir til kvarandre, hjelpe kvarandre meir og kjempe meir for det vi trur på. Vi gjer det allereie i Vågsøy og Flora, men eg trur likevel Vågsøy har mange ting å lære av Flora på det området. Heldigvis skal vi bli ein kommune og kan dele på erfaringar, ressursar og kompetanse. Eg gler meg til å vere politikar i Kinn kommune.

Eg oppmodar alle som treng litt meir informasjon om Kinn kommune, alle som er positive til Kinn allereie, alle som er engasjerte for noko i sitt nærområde og ønskjer at Kinn skal vite om dette, alle som har noko dei føler dei kan bidra med, å møte opp i Turnhallen på tysdag. Det blir spennande!