Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Myklebust, Vågsøy Sp.

Har Flora Formannskap fått solstikk?

Kva i all verda er det Flora Formannskap har gjort av vedtak om Kystvegen AS på onsdag, ifylgje Firdaposten?

Fordi dei ikkje var einige med Flora i den eine av fire parsellar på denne viktige vegen, så vil Flora formannskap no sparke ut ein svært viktig alliansepartnar for i det heileteke å ha muligheit for å realisere dette viktige sambandet.

At nokon i det heile tenker ein slik tanke er så skremmande at det ikkje er til å tru. Dette vedtaket Flora formannskap, kan i verste fall vere spikaren i kista for dette viktige sambandet. Får inderleg håpe at Flora kommunestyre kjem på betre tankar, slikt går berre ikkje an.

Dersom ein ynskjer at andre aksjonærar også bidreg, så må styret også søke om dette, men det har eg ikkje kunnskap om.

Dersom formannskapet i Flora lever i den villfaringa at dette vil minske motstanden i Vågsøy om Kinn, så må dei tru om att.

Dei som er mot Kinn treng ikkje slike gåvepakker, det held slik det er allereie. Dette føyer seg inn i rekka av merkelege forslag, ta til dømes dette med at den eventuelle nye båtruta frå Florø til Måløy ikkje måtte gå inn om Bremanger.

Kva er det som gjer at politikarane i Flora er så til dei grader navlebeskuande og arrogante over for andre?

Eg kjenner ikkje att folket i Florø i slike saker, og håper at dette er ei arbeidsulykke.