Vara i Vågsøy kommunestyre, Stine Kråkenes Øvrelid (Ap), har skrive dette lesarinnlegget:

«Kinn kommune med felles ressurser og kompetanse!»

Politikk kjem frå det greske ordet politikos - det som angår byen og det som angår samfunnet. Dette gjeld altså både landet ditt og heimstaden din. Her er det vi som lokalpolitikarar jobbar. Med fare for å bli for teoretisk og konservativ i innlegget, ønsker eg å vise litt om korleis eg tenker og arbeider som politikar. Politikk er interessant og spennande, og ikkje minst utfordrande og lærerikt.

New public managment (NPM) vart til frå 1980-talet. Det kom opprinneleg frå USA og hadde fokus på maskinbyråkrati og effektiviseringspotenisal med økonomisk gevinst.  Sidan 1990 har dette slått inn i det norske helsevesen. NPM er eit fellesnamn for ei rekke prinsipp og metodar for korleis ein organiserer og styrer offentleg verksemd. Kommunane vert styrte som ein modell inndelt i einingar med totalansvar for eiga drift og eigne resultat, definert av rammer fastsett av ei overordna, strategisk  myndigheit, det vil primært seie kommunestyre og/eller rådmann. (Resultatkommunen, 2012, Universitetsforlaget)

Rådmann Knut Ove Leite er øvste leiar i kommuneadministrasjonen i Vågsøy. Styremedlemmar i Nei til Kinn hevdar at kommunen leverer svært gode resultat og er ein godt driven kommune. Dette stemmer bra, og kven skal vi takke? Sjølvsagt Leite som sit i toppleiinga. Korleis kan Nei til Kinn samtidig hevde at rådmann Leite ikkje gjer jobben sin? At han ikkje leverer tal og rapportar om kvifor vi skal verte Kinn? Det er vi politikarar som driv kommunen med våre vedtak, med ordførar Kristin Maurstad i spissen. Politikarane har eit samfunnsansvar for drift av kommunane. Både Maurstad og Leite skal ha æra for ein godt driven kommune, og vi politikarar skal ta ansvar for beslutningane som har blitt vedteke. Sjølvsagt skal vi drive denne kommunen godt vidare - saman med Flora som den spennande og nytenkande kommunen som Kinn er. På Stortinget vart det vedteke kommunesamanslåing - det er ikkje noko Vågsøy åleine har fatta vedtak om.

Som sjukepleiar ser eg dei grunnleggande ideane bak ideologien NPM og retninga samhandlingsreforma gjev i helsearbeidet. Eg ser at det gjev kommunehelsetenesta eit større ansvar for helsetenester som er knytt til spesialisthelsetenesta og dei samansette helsetenestene ein kommune skal yte. Eg ser at vi idag løyser helseutfordringane og krava innan samhandlingsreforma. Beklagelegvis ser eg også utfordringane. Eg ser at sjukehus og spesialisthelsetenesten sitt tidlegare helseansvar  dag vert skubba over på kommunane. Eg ser at kommunen sitt helsebudsjett innan helse heile tida vert påpeika og er ein post for potensiell innsparing då vi overskrir budsjett. Men kvifor vert det slik? Staten overfører meir ansvar til kommunen, men overføringane dekker ikkje utgiftene som kommunen har for å oppretthalde kravet om kvalitet innan helseomsorga. Som eg har skrive i eit tidlegare innlegg såg eg ved budsjettprosessen i haust 2017 at dersom ikkje tilskotspengane frå kommunesammenslåinga frå staten kunne brukast i budsjettframlegget, måtte dette ha gått på bekostning av for eksempel utbyggingsposten ved Kulatoppen Omsorgssenter, eller nedskjering i heimetenestene, psykisk helse og rus. Kven ønsker dette?

Sjølvsagt kan ein sjå på dette frå den andre sida, at pengar gitt eine året bokstavleg talt kan seie at vi politikarar «pissar i brokja, og det er varmt og godt». Sjølvsagt veit eg også at midlar det første året, 5. året og om 20 år ikkje bidreg til at vi lett kan få budsjett i balanse kvart år, og at vi aldri meir må ta vanskelege val og beslutningsvedtak om prosessen vidare i kommunen.  Det er mange svar vi ikkje har per i dag, heller ikkje om 1 år eller 5 år osv. Faktumet er at ein må ha ein fagleg og profesjonell logikk, der dekking av brukarbehov står sentralt.

Og kven er brukarane i ein kommune? Det er innbyggjarar i kommunen - det er deg og meg. Eg er opptatt av at kvaliteten på tjenestene og spekteret av tenester kommunen yter er første prioritet, sjølvsagt kombinert med økonomisk logikk der minimalisering av kostnadar framstår som viktige. Og det er her eg meiner at Leite gjer ein framifrå jobb. Vågsøy kommune er godt drifta i dag. Dette meiner også dei som er positive til Kinn. At vi som er innvalde lokalpolitikarar frå grasrota, slik som den heilt vanlege mannen i gata, skal ha ein større kontroll på økonomi og meir kunnskap om økonomi enn rådmannen, ser eg på som ein utopi.

Vi må gi tillit til dei ulike profesjonane og dei ulike arbeidaoppgåvene som kvart enkelt yrke har. Dersom ein skapar mistillit mot faglege kvalifikasjonar og rådmannen si stilling, kven skal då kontrollere og kvalitetssikre dette vidare? Kven har mynde og autorisasjon til å skape mistillit? Når eg ser Nei til Kinn-forkjemparane frontar dokumentasjon frå vår rådmann Leite og i frå prosjektrådmann Heggheim som ikkje-truverdig informasjon og tal, kven skal vi då stole på? Er vi komne så langt at vi alle skal vere ekspertar på kva som er rett og galt, og at vi ikkje skal kunne stole på profesjonar og profesjonen si rolle? Stiller ein spørsmål ved kirurgen før ein operasjon, ambulansearbeidaren før ei bilulykke, sjukepleiaren ved diabetesklinikken, vaktmeisteren på skulen, reinhaldsarbeidaren på rådhuset eller gravemaskinføraren før utgraving?

Kommunestyrepolitikarane har fått ei offisiell synleg beslutningsmakt som gir oss grunnlag til å fatte vedtak. Vedtak som er både omfattande og vanskelege. Vi set oss inn i sakene, jobbar som politisk gruppe og på tvers av dei ulike partia. Vi rådfører oss med rådmannen og kommunen sin administrasjon som bistår med dei tal og faktabegrunningar vi treng som bakgrunn til å fatte samfunnsretta vedtak for kommuna og framtida. I samband med makt kan ein også sette myndiggjøring. I dagens tid er myndiggjøring blitt sentralt. Vi har fått ei offisiell demokratisering der ulike fagforbund og andre offisielle rettigheitsorganisasjonar gjev ønske om meir deltaking og strukturell makt. I pasientrettigheitar, brukarmedverknad , fritt sjukehusval o.l , har vi endra oss frå paternalismen der vi tydeleg kunne akseptere makt frå fagpersonar? Står vi overfor eit paradigmeskifte der stat og profesjonar skal ikkje få bestemme over meg, der vi har manglande tillit til dei ulike profesjonane. Er det slik vi vil ha det? Kven skal då ha beslutningsmyndigheita og makta vidare i politikken. Kven skal beslutte kven som er myndiggjorte og ikkje, skal det gå etter alder, utdanning, stilling, sosial status, taleevne, empati, kultur eller religion?

Det er på tide at vi løftar blikket og ser på kommunesamanslåing og samfunnsansvar knytt til samfunnsutvikling. Vi kan ikkje berre sjå på tal og økonomi, eller på produktiviteten og effektiviteten. Kvaliteten på tenestene og tilbodet av tenester er ein viktig del av mitt beslutningsgrunnlag. Samhandlingsreforma gjer slik at samhandling på tvers av sektorar og interorganisatoriske samarbeid er blitt viktigare og lovpålagte. Dette må lokalpolitikarar vere medvitne om når dei tar avgjersle. Korleis skal Vågsøy åleine oppretthalde krava om blant anna betre helsehjelp, betre koordinert oppfølging frå ulike helsetjenester, betre oppfølging av kroniske sjukdommar og forebyggande helsearbeid?  Kravet om blant anna kommunal psykolog kjem frå 2020. Flora har allereide 2 psykologar tilsett per i dag. Eg har trua på større fagmiljø, som skapar betre arbeidsplassar og betre tenester for oss innbyggarar til tross for at vi på noverande tidspunkt ikkje kan vise framtidige tal og kroner og ører.

Betre tenester kan gi auka tilflytting, som gjev auka skatteinntekter, som kan gi betre kulturelle tilbod og ein attraktiv bumarknad. Vi må ta ansvar for krava som kjem, vi må tørre å satse, og ikkje vegre oss mot endring og dei utfordringane dette gir. Vi må vere nytenkande og sjå på samfunnsutvikling som ei positiv utvikling!

Den som intet våger, intet vinner!