Dette lesarinnlegget er skrive av John Inge Refvik i Vågsøy KrF:

Den politiske kvardagen for ein lokalpolitikar blir ikkje det samme som før, etter ei samanslåing.

Saksomfang til eit kommunestyre i nye Kinn kommune vil sannsynlegvis ha fleire saker som skal behandlast og fattast vedtak i.

Det går mykje tid med til saksforberedelser før eit kommunestyremøte og det skal godt gjerast å få sett seg inn i alle saker like godt.

I ein hektisk kvardag skal det prioriterast og settast av tid til saksforberedelse.

Situasjonen for Vågsøy KrF i dag er ein representant i kommunestyret, likeeins er det for Raudt.

Det seier seg sjølv at mykje arbeid fell på ein representant, det lar seg ikkje gjere å fordele oppgåver.

Slik er demokratiet, det er velgerane som bestemmer kven som til slutt kjem inn i eit kommunestyre.

Korleis eit kommunestyre i Kinn vil sjå ut og inneholde av representanter fra Vågsøy er det ingen som veit, eit lite signal er det vi les i avisa om kva den enkelte av dagens politikarar seier om sitt vidare engasjement.

Det overraska meg at det ikkje er fleire som klart signaliserer eit engasjement til å stille til valg i nye Kinn kommune, spesielt dei som har engasjert seg mest for å realisere Kinn.

Som representant for Vågsøy KrF har eg vore tydelig på at å lage ei stor kystkommune utan å ha med Bremanger er noko eg ikkje støtter, det er fortsatt mi meining sjølv om det er delte meiningar innad i Vågsøy KrF.

Det eg er sikker på, er at «kjemien» hadde stemt bedre med Bremanger med i Kinn.

Det eg er mest skeptisk til er saksomfang, og arbeidsmengda som følger med, enten om Vågsøy og Flora, med eller utan Bremanger sler seg i lag til Kinn kommune.

Som eg har sagt blir den politiske kvardagen etter ei samanslåing ikkje den samme som dagens.

Det forundrer meg om tidsbruken i forhold til saksomfang blir mindre i Kinn kommune.

Rekruttering til politisk engasjement blir etter mitt syn ei utfordring, spesielt for mi eiga gruppe, Vågsøy KrF som no skal slå seg i lag med Flora KrF og som skal stille felles liste til kommunevalget i 2019.

Når dette skrivast veit eg ikkje om eg kjem til å setje meg opp på liste til kommunevalget, eg veit heller ikkje om det er fleire i Vågsøy KrF som har klare meiningar til å stille på liste.

Til arbeidet som er gjort og skal gjerast i samanslåingsprosessen med Flora og Vågsøy så er det gjort mykje godt arbeid i forhold til organisering av Kinn.

Skal dette gjennomførast er vidare engasjement til politisk arbeid det viktigaste, for å representere vågsøys befolkning i ei ny storkommune.

Slik situasjonen ser ut no har vi ei utfordring.

No gjenstår det å foreta eit valg på om ein vil realisere Kinn kommune eller om ein fortsatt vil heite Vågsøy kommune.

Godt valg!