«Bru over Anda-Lote»

Meninger

Årsmøteuttale frå Samfunnsdemokratane (SD) 08.06.2018:

Ei bru over Anda-Lote vil knyte 60.000 menneske saman heile døgnet, og syte for betre tilkomst til arbeidsplassar, skular, nærsjukehus, flyplass, fritids- og kulturtilbod og handel.

Ei bru i midtre Nordfjord vil binde heile regionen saman, og dermed skape ein større bu- og arbeidsregion med mulegheit for samhandling og økonomisk vekst. Saman med brua i indre vil det og gje kortare reisetid for mange pendlarar.

Kvart år reiser vel ein halv million menneske over dette sambandet, og brua er difor sjølvfinansiert gjennom ferjeavløysingsmidlar.

SD ber Storting og Regjering om snarast å legge til rette for at brua kan realiserast, og følgje opp kommunalkomiteen sitt vedtak om å utvide ferjeavløysingsordninga til også å gjelde rentekostnadane.