«Når ein har vedteke folkeavstemming, trengst det særs gode grunnar for ikkje å følgje svaret»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Jostein Eimhjellen.

Når ein først har vedteke ei folkeavstemming, så trengst det særdeles gode grunner til ikkje å følgje svaret

Folkevalde i ein kommune er valde av folket til å forvalte kommunen sine ressursar på ein god måte til beste for innbyggjarane. Kinn kommune med saksgong, prosess og  manglande lokal utgreiing er sjokkerande. Kvar er kontrollutvalet i Vågsøy? Korleis er det med revisjon av etiske retningslinjer? Har rådmann Leite gangsyn til å forstå kva han her fagleg har tilrådd? Vågsøy går frå å være ein geografisk liten og lettdriven kommune, til den mest tungdrivne kommunen i landet.

Vi er vitne til eit reint demokratisk overtramp av innbyggjarane, der kommunen som konsekvens vert delt, der nokre av innbyggjarane som bur på  Bryggja fekk moglegheit til å flykte, medan dei resterande innbyggjarane i Vågsøy  ikkje får same demokratiske moglegheit. Dette er uverdig! Prosessen og metodane er sjokkerande. Måten innbyggjarene i Vågsøy vert behandla på av eigne folkevalde, går over alle grenser. Eg spør meg - er det verkeleg slik vi skal ha det? Har lokalt folkevalde lov til å gjere nett som dei vil?

Normalt i ei lita byggesak kan fylkesmannen overkøyre vedtak gjort av kommunen. Her gjeld det eksistensen til ein heil kommune. I kommunereforma var det lagt til grunn at fylkesmennene med sin lokalkunnskap  skulle ha ei sentral rolle. Ein burde dermed gå klar av dei verste løysingane. Fylkesmannen var klar på at Kinn ikkje nådde måla med reforma, og Kinn var heller ikkje fylkesmannen si faglege tilråding. Nasjonalt sa dermed Høgre nei til Kinn, men Teigen og Maurstad fekk Ap med på «galskapen» utan at Kinn som løysing i det heile var fagleg vurdert. Ap har berre lagt til grunn at det  er to likelydande vedtak i kommunane, og heile ansvaret ligg dermed på gangsynet til dei lokalt folkevalde og rådmann Leite si sakshandsaming.

No er folkeavstemminga gjennomført og svaret frå innbyggjarane er eit klart Nei. Før avstemminga har vi sett ein enorm reklamekampanje for Kinn. I eit møte i fellesnemnda for ei tid tilbake var Rolf Domstein klar på at det var rein informasjon ein trengde i Vågsøy før avstemminga . Ikkje litt ja eller litt nei, men faktisk informasjon om økonomi og andre forhold.

Som vi ser har det vore lite faktisk info frå Heggheim. Ikkje eingong ei stadfesting på dagens lønskostnadar vil han utlevere til Nils Myklebust. Dette vert konsekvent halde tilbake. Som ein kan sjå på den offisielle Kinn-sida, skriv Heggheim at han må til Oslo for å oppdatere seg på økonomi før han kan levere ein gevinstrealiseringsplan, då dette etter eige utsegn er ein eigen disiplin innan økonomifaget. Gevinstrealiseringsplanen var bestilt av fellesnemnda i januar og skulle leverast så raskt som råd. Det heile er særdeles underleg. Vi ser allereie at alt dei folkevalde frå Vågsøy ber om i nemnda ikkje vert lytta til. Dette lovar ikkje bra.

På FB har den offisielle Kinn-sida i staden køyrt på med reklamefilmar, der målet har vore å skape ei ja-bølgje på «tru og håp». I ein av dei mange reklamefilmane for Kinn kommune, ser vi Geir Vinsand frå Nivi Analyse. Geir var tidlegare sekretariatsleiar for Christiansen-utvalet og arbeidde med kommunereforma på 1990-talet. Han tilrådde då heilt andre kommunestrukturar enn det vi ser i Kinn. På filmen, der han er leigd inn for å snakke positivt, må han likevel innrømme at Kinn er den  mest spesielle og avvikande kommunen som er vedteken sidan kommunane sin eksistens i 1837. Han stiller i filmen spørsmål til om Stortinget har vedteke eit kolonikommune-prinsipp? 

I denne saka finst det ikkje faglege argument som ja-folkevalde i Vågsøy kan bruke som grunnlag for å overkøyre innbyggjarane. Det er innbyggjarane og nei-sida som har alle faglege argument på si side.  At fylkesmannen var i mot dette bør vege høgt, men går vi tilbake til eit demokratisk spørsmål så er nettopp den lokale forskjellsbehandlinga av eigne innbyggjarar eit sentralt tema. Innbygjarane på Bryggja har gjennom regelverk om grensejustering fått løyve til eit demokratisk val. Skal då reint diktaturstyre vere gjeldande for rest-Vågsøy?

Kva med 16-åringane som her stemmer for første gong. Gruppeleiar i Vågsøy Høgre, Morten Hagen, som i tillegg arbeider i politiet, burde ha større forståing på forskjellen mellom rett og galt. Dette er respektlaust! Vågsøy Ap er fortapt i elendigheit og vedtok aldri folkeavstemming, men det gjorde Vågsøy Høgre. Kva var målet med vedtaket om ikkje svaret betyr noko?

For to veker sidan løfta Høgre, ved Skibenes, fram ei sak om bulyst i kommunestyret. Vågsøy har skapt 200 nye arbeidsplasser sidan 2013 og er her best i klassen. På busetnad gjer ein det dårlegare. Dette ser ein att på ut- og innpendling. Flora hadde motsett resultat i same periode. Dårlegare arbeidsplassutvikling, men likevel betre på busetnad med høge pendlartal mot Førde. I Nordfjord konkurrerer Vågsøy med Eid på busetnad i sin bu- og arbeidsmarknadsregion.

Når det er busetnad og bulyst som trengst, så er det umogleg å forstå strategien til Vågsøy Høgre.  Å gå imot det store fleirtalet av innbyggjarane og legge ned eigen kommune og kommunesenter, der tilbod i framtida skal  bestå på Flora si velsigning, gjer ikkje Vågsøy og Måløy til ein stad ein vil flytte til og investere i. Begynner pila først å peike nedover, så er dette sjølvforsterkande og ein vil sjå at verdi på fast eigedom går ned. Ja-sida i Vågsøy Høgre bør gå ein siste runde med seg sjølv.

Uansett vedtak i Vågsøy KS i kommunestyre i dag, så er nok siste ord i denne saka ikkje sagt. Ein så livsfjern og meiningslaus kommune, vil ikkje bli akseptert av innbyggjarane  Dette vil ikkje gå seg til, men utordringane og motstanden vil eskalere.