Per Gunnar Stensvaag fra Trysil har skrive dette lesarinnleggget:

«Kong Haakon og Kinn»

Eit knippe politikarar i Vågsøy har synt ein arroganse og drive eit narrespel som er eit reint hån mot folkestyret. Lovpålagt innbyggjarinvolvering verkar mest av alt berre å ha vore noko herk og heft for ordførar og hennar medansvarlege. Så ignorerte dei då også glatt men ikkje særskilt elegant dei to innbyggjarundersøkingane som båe var klinkande klare på at Kinn-prosjektet burde skrinleggjast snøggast råd. Deretter freista dei i det lengste å vri seg unna folkerøysting til presset frå lokalbefolkninga vart for sterkt. Toppen av forakt mot eigne veljarar synte dei under kommunestyremøtet 14/6. Debatten fram til votering verka berre å vera eit reint pliktløp der samanslåingsfantastane ikkje eingong gadd å ta ordet. Det var like feigt som det var respektlaust, men forståeleg på det vis at slik rå og omsynslaus overkøyring av folkeviljen vanskeleg kan forsvarast.

Folkerøystingar for å legitimera lagnadssvangre strukturendringar fylgjer hevdvunne demokratiske prinsipp og lange tradisjonar både lokalt og nasjonalt her i landet. For ordførar Maurstad og hennar klikk hjelper det ikkje å visa til det representative demokratiet for å rettferdiggjera eit prosjekt dei veit er i strid med kva eit stort fleirtal av bygdefolket ynskjer. Om same haldning hadde vore gjeldande ved andre viktige avgjerder, hadde Noreg vore medlem av EU for lengst. Hugs at både regjering og eit stort Stortingsfleirtal var for unionen både i 1972 og 1994, men dei hadde då den naudsynte respekten for dei som hadde valt dei. I dag er dei fleste av oss glad for at folket fekk bestemma.

At representantar for regjeringspartia er på antidemokratisk bærtur, er kan hende ikkje så rart med dei føringar som er komen frå sentralt hald i samband med region- og kommunereformene. Høgre råda jo kommunane til ikkje å ha folkerøystingar, og der dei hadde det, oppmoda Jan Tore Sanner dei lokale folkevalde om å neglisjera resultatet, om det vart nei vel å merka. Elles er det nesten ikkje grenser for kva kreativ bokføring einskilde har heldt på med for å tolka resultatet i eiga retning.

Ordførar Maurstad peika på framgang for ja-sida då dei kravla seg litt oppover 30-talet. Skal slikt vera kriteriet for å utpeika en valvinnar? Etter den offensive og offentleg finansierte propagandaen burde ho heller ha vore vonbroten over at dei ikkje scora høgare. Det lot ho i staden til å vera over valdeltakinga. Typisk vert slikt nytta som argument for ikkje å bry seg om resultatet, paradoksalt nok frå dei som har gjort kva dei kan for å demotivera folk frå å røysta. Samanslåing ville det verta uansett, fekk jo folk veta. På den bakgrunn var 56 % frammøte slettes ikkje verst.

Nei-prosenten i Vågsøy er jamvel over tilrådinga Høgre sendte ut til sine tillitsvalde landet rundt. Om det gjekk så gale at det vart halde folkerøysting, sette dei nemleg 60 som minstemål for å ta omsyn til motstanden. Slik er Noreg under Erna vorten eit demokratisk bakvendtland. Det normale er jo at det er endringar, ikkje status quo, som krev meir enn simpelt fleirtal (Grunnlovsendringer 2/3, suverenitetsavståelse 3/4), men nåde dei kommunestyra som under denne reforma hadde tillate seg å trossa det aller minste ja-fleirtal! Det har heller ingen tort. Nærliggande dømer er Jølster og Gaular.

Ære være dei tre Høgre-representantane som sto saman med folkefleirtalet. Mens Ap i Finnmark no lyser som et lokaldemokratisk fyrtårn mot overgrep frå sentralmakta, er det oppsiktsvekkjande at det nettopp er partifellene deira som fyrst og framst driv gjennom Kinn-prosjektet. Kva skuldast denne særskilte og merkelege tiltrekning mellom AP-folk på kvar si side av Frøysjøen? Kvifor har dei forresten ikkje også hatt folkerøysting i Flora? Det er då nok av folk som ristar på hovudet der også. Særskilt no, etter at dei fjerne naboane i nord, har sagt så tydeleg i frå, er det slett ikkje sikkert at det er folkeleg fleirtal for fusjon i sør heller.

Når den politiske maktelite i Vågsøy har køyrd mot det eine raude ljoset etter det andre på si ville ferd mot Kinn, er det ikkje då nokon som kan stogga dei ved å syna meir verdigheit og aktelse for folkeviljen? La oss seie at fleirtalet i Vågsøy kommunestyre var strenge foreldre som kravde at dottera, dvs. det motviljuge bygdefolket, laut gifta seg med en svær kar lenger sør langs kysten. Han, for sin del, finn gjerne brura ven nok, men vil han verkeleg gifta seg med ho dersom han er i tvil om at kjenslene er gjensidige? Naudsynt for vona om eit lukkeleg ekteskap er ei truverdig stadfesting frå jenta sjøl, ikkje frå kontrollerande føresette. Utan det, burde han setje eigne kjensler til side, ta ansvar og seia nei. Då vil han også syna seg som ein skikkelig kar. Kan det vera von om at slike heidersmenn er å finna i Flora? Det var tilfelle i Bodø då same misforhold som i Vågsøy oppsto mellom dei styrande og folket i Steigen. Bystyret hos brudgommen sa nei.

Då Prins Carl av Danmark vart bedd om å verta konge i Noreg, tykte han nok det var eit fristande tilbod, men han hadde likevel eitt krav. Det norske folk laut gjennom ei røysting syna at dei verkeleg ville ha han. For 113 år sidan sa eit overveldande fleirtal ja slik at prinsen kunne stiga opp på trona som Kong Haakon. Allereie frå starten synte han seg altså som den statsmann han heldt fram å vera i dei fylgjande 52 år. Om dei styrande i Flora i rein skjær imperialisme med kjøttvekta si no ser ein moglegheit til å skaffa seg seg ein koloni, vil dei demonstrera at dei er blotta for slike haldningar. Framfor å la grådigheita ta overhand bør dei vera klartenkte nok til å hindra danninga av eit kommunalt misfoster med manglande legitimitet i folkeviljen, ein skamplett på landet si demokratiske historie. Noko anna enn ein slik rakrygga avgjerd frå den potensielle brudgom vil syna total mangel på dei statsmannsevner vi nordmenn sette så høgt hjå kong Haakon.