Dette lesarinnlegget er skrive av Hilde Horpen, leiar i Senterungommen Sogn og Fjordane, og Rakel Sørhaug, Vågsøy Senterungdom:

«Lytt til folket!»

I Vågsøy har det nyleg vore folkerøysting om å slå seg saman med Flora til Kinn Kommune. Ei samanslåing av to kommunar utan ei geografisk grense, utan å lytte til dei lokale innbyggjarane. I folkerøystinga sa 60 prosent nei, medan 38,8 prosent røysta ja. Dette er eit tydeleg signal om at samanslåinga ikkje er ynskja, og bør reverserast.

Kommunestyret i Vågsøy hadde like etter folkerøystinga møte om kva dei skulle gjere då resultatet viste eit tydeleg nei. Eit fleirtal av politikarane gjekk inn for å halde fram med samanslåinga, og dermed ikkje ta omsyn til kva resultatet av folkerøystinga vart.

Senterungdomen meinar dette bryt med folkemakta, og stiller spørsmål ved kva føremålet med folkerøystinga var, når politikarane ikkje vil ta resultatet innover seg.

Dessverre er det også lite som tyder på at regjeringa og Stortinget tek resultatet frå folkerøystinga på alvor. Kommunalministar Monica Mæland gjekk like etter resultatet var klart ut og sa at ho uansett ville gjennomføre samanslåingane, til trass for eit klart fleirtal mot samanslåinga. Ei meiningslaus samanslåing utan sidestykke, der folk frå Vågsøy må køyre i to timar gjennom Bremanger kommune for å komme til resten av kommunen sin.

Senterungdomen meinar det er heilt feil at ei slik samanslåing skal overkøyre den lokale folkeviljen. Det er på tide at regjeringa lyttar til innbyggjarane, folkerøystingar og  lokaldemokratiet.