Leiar ved det kommunale kjøkkenet i Selje, Berit Honningsvåg, har skrive dette lesarinnlegget:

«Svar til Stadt pensjonistlag»

Selje kommune har eit kommunalt kjøkken som er etablert under Seljetunet Omsorg og rehabilitering. Kjøkkenet produserer mat til pasientar og brukarar i heile kommunen. Kjøkkenet produserer kok/kjøl og kok/server mat, i tillegg til sousvide. Ein les i Fjordenes Tidende fredag 8. juni at Stadt pensjonistlag ønskjer fersk midddagsmat til brukarar av sjukeheimen og heimetenesta på daglig basis og at kjøkkenet per i dag kun produserer mat ein dag per veke.

Dette er opplysninger som ikkje er riktige. Kjøkkenet produserer fersk mat til sjukeheimen, samt Selje Eldretun, frå måndag til torsdag kva veke. Dessverre er det slik at ein ikkje har mogelegheit til denne løysinga for alle, då det krev meir ressursar til utkøyring av maten dagleg. Stadlandet Eldretun har derfor vakuumert mat heile veka. Kjøkkenet er bemanna frå måndag til fredag, noko som gjør at ein på helg og høgtid har mat som er produsert etter kok/kjøl og sousvide-metoden for alle.

Sjølv om maten er produsert etter denne metoden er fortsatt næringsinnhald og smaken vel så bra som i mat som blir produsert etter kok/server- metoden. Produksjonskjøkkenet i Selje ønskjer gjerne eit samarbeid med frivillige for å kunne kjøre ut fersk mat til Stadlandet Eldretun måndag til torsdag, og ber derfor om at ein tek kontakt om dette er noko som ein vil bidra med.