Redaktør Erling Wåge hadde denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

I sommar har debatten rundt sikkerheit på sjøen igjen blussa opp. Årsaka er dei mange ulukkene som skjer kvar sommar. Og når ein av Norges mest profilerte og elska idrettsutøvarar, Vibeke Skofterud, blir funnen død etter ein kveldstur på ein hurtiggåande farkost så blir ikkje engasjementet rundt sikkerheit mindre.

Det har vore ein uvanleg varm sommar som har lokka folk til å leike seg i sjøen. Og resultatet har altså vore ulukker der folk blir skadde og i verste fall misser livet. Det er mange som vil stramme inn på reglar for hurtiggåande farkostar til sjøs. Mange meiner det bør innførast førarkort for å føre hurtiggåande småbåtar, det må bli krav til bruk av tryggleiksutstyr og så må promillegrensa ned. Mange viser til Danmark der det er plikt til førarkort, registreringsplikt, forsikringsplikt, auka bøter og kampanjar retta mot unge om kor farleg køyring med vasscooter kan vere.

Det er nok lurt å lære av dei mange ulukkene som har vore og ta ein gjennomgang på regelverket. Det har blitt stadig fleire som brukar sjøen med meir spektakulære farkostar med stor fart. Men skal regelverket strammast inn så må også styresmaktene auke kontrollane på sjøen og handheve regelverket. I dag har politiet berre ein hurtiggåande båt som skal kontrollere den enorme strekninga frå Sunnhordland i sør til Stad i nord. Det tek fleire timar å køyre denne strekninga. Båten har også ansvar for norges nest største by i folketal. Det er lite hjelp i å stramme inn reglane dersom ingen passar på at dei vert følgde. Hadde politiet vore meir synleg på sjøen så ville nok fleire tenkt seg om og vore meir forsiktige. Eit synleg politi er med på å førebyggje i tillegg til å ha ein kontrollerande funksjon. Men då må det kome fleire patruljar på sjøen.