Lesarinnlegg:

«220 millionar kroner til fylket frå havbruksnæringa»

Illustrasjonsfoto 

Meninger

1. kandidat Morten Andreas Hagen og 2. kandidat Vidar Grønnevik i Kinn Høgre har skrive dette innlegget:

«220 millionar kroner til fylket frå havbruksnæringa»

Stortinget beslutta i 2015 at det skal opprettast eit havbruksfond der 80 prosent av inntektene frå framtidig vekst i oppdrettsnæringen vert fordelt gjennom Havbruksfondet til kommunal sektor (kommunar og fylkeskommunar). Alle kommunar og fylkeskommunar, som har klarerte lokaliteter for oppdrett av laks, ørret og regnbueørret i sjøvann, får ein respektiv andel av inntektene som skal fordelast årlig. Jo høgre andel av lokalitetskapasiteten den enkelte kommune/fylkeskommune står registrert med i Akvakulturregisteret, dess større andel av midlane som skal fordelast vil tilfalle dei.

Fordelingsnøkkelen på 80 prosent-andelen gir

• kommunane 87,5 %

• fylkeskommunane 12,5 % og midlane vert utbetalt i oktober kvart år.

Utbetalinga knytt til veksten i havbruksnæringen vil være omlag 3 milliarder kroner i 2018.

I Sogn og Fjordane er det 11 kommunar som får overført tilsaman 188,3 mill kroner frå fondet, der Vågsøy og Flora mottar h.h.v 10,7 og 29,5 mill kroner no i oktober. I tillegg til dette får Sogn ogFjordane fylkeskommune 31,4 mill kroner.

Havbruksfondet vart oppretta for å sikre havbrukskommunar og -fylke inntekter frå veksten i havbruksnæringa. Ordninga skal stimulere kommunane  til å legge til rette for havbruksnæringa og bidra til fortsatt vekst i havbrukskommunane.

For Nye Kinn kommune betyr ordninga inntekter på vel 40 mill kroner om framtidige utbetalingar ligg på 2018-nivå. Dette er midlar som det er uhyre viktig vert brukt til å legge til rette for ny vekst i både havbruksnæringa og næringar som er viktig som leverandører av varer og tenester til m.a havbruksnæringa.

Vi advarer sterkt mot at kommunepolitikarane vert freista til å nytte desse midlane til å dekke underskot i den kommunale drifta - det vert som å sage av greina som ein sit på.