Lesarinnlegg:

«Gjer vedtak»

Meninger

Geir Oldeide i Raudt har skrive dette lesarinnlegget:

Gjer vedtak!

Det har ei tid vore spekulasjon og mykje debatt rundt dette med lønsskilnader i Flora og Vågsøy. På siste møte i fellesnemnda var saka oppe til diskusjon og det vart lagt fram ein del tal. Forvirringa har ikkje blitt mindre etterpå. Når Ola Teigen og Nils Myklebust sit att med heilt ulik forståing av kva summar det dreiar seg om i debatt på Facebook er det ikkje haldbart. Lønnsnivået skal  harmoniserast i dei to delane av Kinn. Ingen må innbille seg noko anna. Og då er det sjølsagt svært viktig å få på reine kva summar dette dreier seg om.

Eg følgde overføringa av fellesnemnda sitt møte om dette. Der sa prosjektrådmannen at han ikkje var veldig bekymra. Kjekt det, men diverre ikkje godt nok for dei som skal gjere vedtaka og legge planane. 

Mitt råd til nemnda er: Gjer vedtak. Pålegg administrasjonen innan ein viss dato å legge fram den fullstendige oversikta. Dersom det er for vanskeleg eller for arbeidskrevjande for administrasjonen så får dei få fullmakt til å leige inn folk til å gjere jobben.