Stemplar ut:

Er du veldig klok og vet det, ja, så klapp

Meninger

Denne kommentaren er skriven av Ane Barmen og er ein del av Stemplar ut-spalta på sistesida kvar fredag:

Er du veldig klok og vet det, ja, så klapp

Lisja har byrja å klappe. Fyrste gong ho gjorde det heiv eg meg over mobilen og googla «når begynner baby å klappe» for å få stadfesta at ho er tidleg ute og sikkert eit vedunderbarn. Men Google kunne fortelje at den gjennomsnittlege babyen byrjar å klappe rundt åtte månadar. Ho er heilt normal, altså. Korleis er det mogleg?