Lesarinnlegg:

«Vi sit ikkje stille i Kinn-skuta – vi jobbar hardt»

Meninger

Tove Lill Refvik Volle, kommunestyrerepresentant for Ap, har skrive dette innlegget:

Vi sit ikkje stille i Kinn-skuta – vi jobbar hardt

For meg er ikkje Kinn kommune eit trist val. Eg og fleire med meg har ambisjonar om å få til det som står i intensjonsavtalen. I går kveld var eg på eit ope møte i Florø, der fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, og prosjektrådmann i Kinn møttest, og temaet var Kinn i Vestland. Det var svært motiverande. Vi har sjanse til å skape spennande yrke som gjer at dei yngre vel å flytte heim igjen. I debatten på møtet kom det fram viktige og gode poeng som gjer at eg blir enda sikrare på at Kinn er riktig. Som sikkert mange veit, har dei i Hordaland satsa bevisst på kysten. Det er det vi vil i Kinn også. Vi fikk nok ein gong bekrefta dei enorme moglegheitene som ligg i havrommet mellom oss. Dette er eit satsingsområde der vi endå ikkje har sjanse til å sjå alle potensielle ressursar. Hestetun uttrykte det så godt: «Vi må jobbe saman og vi må jobbe med dei større linjene og ikkje bare «putl».  Vi blir også den 8. største kommunen i Vestland og det seier utvilsamt noko om påverknadskrafta ein vil ha i det nye fylket.


 

Egeberg meiner at vi som stemte ja til Kinn kommune i kommunestyret har sagt til dei som stemte nei til Kinn, at dei ikkje veit sitt eige beste. Dette er sjølvsagt ikkje noko vi har sagt eller meiner, men Egeberg si tolking. Det vi har prøvd å formidle er at vi trur på denne satsinga og at vi har sett at Vågsøy kommune slit økonomisk. Med bakgrunn i det vi såg og sette oss inn i, meinte vi at Kinn kommune var det beste for Vågsøy i framtida. Det meiner vi fortsatt.

Den økonomien situasjonen i Vågsøy kjem dessverre ikkje som noko overrasking, og den har ikkje noko med Kinn kommune å gjere. Sakene som no kjem opp i kommunestyremøta er eit resultat av at kommunestyra har dytta blant anna struktur og vedlikehald framfor seg. Og det straffar seg. Dei ulike kutta som har blitt foreslått har ikkje samanheng med Kinn og dei ville ha kome uansett – dessverre. Dersom ein les avisartiklane frå dei politiske møta ser ein at dette er presisert her. Så at Vågsøy kommune slit økonomisk har vi visst i mange år, og det har som sagt med utsettingar og overforbruk å gjere, og ikkje med Kinn. Derfor meinte vi at vi trengde eit retningsval for framtida, for å prøve å snu utviklinga. Om Vågsøy skulle fortsette åleine hadde situasjonen vore langt meir utfordrande. Åleine hadde vi hatt store problem med å komme i hamn med budsjett utan å måtte kutte stort på alle områda - noko som ville gått hardt utover tenestene vi skal levere.

Eg er ein av dei politikarane som har hatt trua på Kinn frå starten av, og eg har og vore tydelig på det. Eg respekterer at synspunkta er ulike på Kinn kommune, og at alle ikkje deler mitt syn. Eg fryktar derimot ikkje at skuta vil gå ned. Vi er ikkje ferdige med å bygge henne enda. Men vi er godt på veg. Eg vil fortsette å jobbe for å bygge ein god kommune, der vi har hovudfokus på å levere gode tenester og i tillegg legge til rette for næringslivet. Som politikar har du ein fulltidsjobb og eit verv, så det er dessverre ikkje alltid så lett å informere heile tida. Sjølv om det blir jobba hardt internt er det ikkje sikkert at det synes så godt eksternt. Det at vi ikkje skriv lesarinnlegg betyr ikkje at vi er feige. Informasjon ligg på ulike nettstadar til dei politiske partia, på vagsoy.kommune.no, kinn.kommune.no (der blant anna informasjon kjem kvar fredag i fredagsbrevet), og i tillegg er Fjordenes Tidende flinke til å dekke formannskapsmøte og kommunestyremøte. Vi kan nok ta ei runde på korleis vi som politikarar kan bli flinkare å dele det vi veit og det vi jobbar med, og den tilbakemeldinga skal eg ta med vidare.


Samtidig er det greitt å vite at det er mange personar som arbeider som berre det og gjer sitt beste for at vi skal få det best mogleg her. Til no har ein jobba med fleire ting knytt til etableringa av Kinn og mange ting er komne på plass. Her er nokre av dei:

  • Vi har bestemt at vi skal ha delt kommunesenter for å sikre likevekt og utvikling i heile kommunen.
  • Vi har tilsett fleire dyktige personar som prosjektrådmann Terje Heggheim, Ellen Jøvold som kommunalsjef for oppvekst og undervisning, Norunn Stavø som kommunalsjef for helse og velferd, Linda Nipen som kommunalsjef for økonomi, Knut Broberg blir assisterande rådmann og Rolf Bjarne Sund som kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.
  • Vi har fått oppretta ei kjempespennande stilling, kommunalsjef for innovasjon og utvikling, der ein ikkje har tilsett nokon endå.
  • Arbeidsgrupper på mange område med mange tilsette jobbar for å kome fram til den beste praksisen på sine område for å gjere tenestene våre endå betre.
  • Stabsleiarar på service og personell er snart på plass.
  • Det har blitt arbeidd med nytt kommunevåpen og 10. desember er fristen for å levere inn forslag til kommunevåpen. Så kast dykk rundt dei som har gode forslag!
  • Informasjonsarbeidet via kinnkommune.no er godt etablert, der ein kan lese om arbeid som blir gjort i organisasjonen.
  • Vi har bestemt kva valkretsane blir og her i området blir dei i Polljen, i Måløy og på Raudeberg.
  • Det er regelmessige møte i fellesnemnda der ein diskuterer og ikkje alltid er einige. Dette er heilt vanleg, men det viktige er at ein har trua på at ein saman skal komme i mål. Neste møte i fellesnemnda er i Måløy 11. desember.

På kommunestyremøtet den 13. desember kjem prosjektrådmannen for å ta opp og diskutere økonomi og tilsetjingar. Så ingen av politikarane som stemde ja til Kinn sit stille i skuta. Vi jobbar hardt.