Lesarinnlegg:

«Ønskjer breitt budsjettsamarbeid»

Frode Kupen (i midten) har skrive dette lesarinnlegget. Arkivfoto 

Meninger

Frode Kupen, formannskapsmedlem i Vågsøy (Ap), har skrive dette lesarinnlegget:

«Ønskjer breitt budsjettsamarbeid»

Vågsøy Arbeidarparti fremja i formannskapet 29.11. eit alternativt framlegg til rådmannens budsjett.

Vågsøy kommune står framfor store økonomiske utfordringar i 2019, og rådmannen har foreslått fleire drastiske tiltak for å få budsjettet i balanse. Arbeidarpartiet tek på største alvor utfordringane i kommuneøkonomien, men såg i formannskapsmøtet like vel viktigheita av å presisere nokre satsingsområde som rådmannen hadde utelete i sitt budsjettforslag.

Viktigast for Ap var å få stadfesta at bygging av ny «fløy E» på Kulatoppen skal starte i 2019, og at Vågsøy kommune skal investere i bla. Måløy Marine Ressurssenter og ny turnhall på Tennebø. Budsjettforslaget til Ap er nok berre å sjå som ei felles plattform for alle partia å jobbe vidare med, fram mot kommunestyremøtet den 13.12.  Det var like vel viktig for oss å få vedteke presiseringane vi la inn, og vi takkar Sp og Frp for at dei stemte for forslaget vårt. Vi fekk då rydda tvilen rundt realisering av nybygget på Kulatoppen av vegen, og dette var svært viktig for mange bekymra vågsøyværingar.

I budsjettet som ligg ute til høyring no, meiner vi at det ligg gode mogelegheiter for at alle partia kan få jobba inn sine viktigaste saker. Vi forventar at det kjem fram gode forslag til korleis vi skal få starta renoveringa av Skram skule i 2019, finansiert symjeanlegget og å unngå auke i augedomsskatten i 2019.

Dette er det siste budsjettet som skal vedtakast for Vågsøy kommune. Ap håpar på, og vil jobbe for, så brei støtte som mogeleg for dette siste budsjettet, og vi skulle gjerne sett at ein enda opp med eit fellesforslag frå alle partia.

Det vert ei hektisk veke for partia fram mot kommunestyremøtet. Vi får bruke tida godt, og ha god dialog partia i mellom.

Lukke til med arbeidet!