Lesarinnlegg:

«Kysten og byråkratane på Hermansverk»

Illustrasjonsfoto 

Meninger

Georg Arnestad er skribent i Sogn Avis, og denne kommentaren var først trykt i denne avisa:

«Kysten og byråkratane på Hermansverk»

Det er mange paradoks ved Sogn og Fjordane. For eksempel dette: Det har aldri, slik som i dei andre fylka på Sør- og Vestlandet, utvikla seg livskraftige og veksande sentra og byar ute ved kysten vår. Tvert om. Kysten er taparen. Folketalsnedgang overalt. Med unntak av i Florø, fylkets einaste by. Her er det ein beskjeden folkevekst, men langt lågare enn i fylkessentra Førde og Sogndal.

Ikkje noko paradoks, meiner byråkraten på Hermansverk. Fylket vårt, seier han, har tre fjordar; to lange og ein litt kortare. Historisk har folket busett seg og skapt sitt levebrød langs strendene i fjordane. Etter kvart vaks det fram mindre tettstader i fjordbotnane. I dei andre vestlandsfylka busette folket seg meir langs den opne kysten. Skipsfart, fiske og handel vart næringsvegar. Mens ein inne i fjordarmane dyrka jorda og hogg i skogen. Og siglde til Bergen, byen vår, med vedajekter.

Sant nok, tenkjer eg. Men i moderne tid då? Det rike sildefisket la grunnen for skiping av Florø by i 1860. Berre få år seinare vart det svart hav. Måløy vart etter kvart ei leiande eksporthamn for fisk. Domstein og Skår var sentrale namn. «Ein flik av USA i Noreg», sa handelsminister Jens Evensen om Måløy tidleg på 1970-talet. Men siste tida har det gått i bølgjedalar med fiskeriindustrien og -eksporten. Folketalet minkar.

Florø var lenge byen utan omland. Men sildefisket kom att fleire gonger. Deretter skulle oljen ta over. Det gjorde den òg, takka vere ein durabel innsats frå fylkesmann Ingvald Ulveseth. At det ikkje vart meir ut av oljen, er byens eiga skuld. Den mangla både kompetanse og eit kvalifisert næringsliv.

Ikkje for det. Førde og Sogndal på 1960-talet var heller ikkje mykje å skryte av. Men i Førde greip staten inn. To gonger, til og med. I 1965 vart den vesle bygdebyen midt i fylket peikt ut som statleg vekstsenter. Pengar følgde med. Berre seks år seinare, i mars 1971, overkøyrde statsminister Trygve Bratteli rådville fylkespolitikarar og bestemte at det skulle byggjast eit sentralsjukehus i Førde. Handelskapitalistane kunne no investere risikofritt.

Staten avgjorde også at Sogndal skulle bli vertsstad for lærarskule og distriktshøgskule. Departementet brukte passar og fann ut at Sogndal låg midt mellom Volda og Bergen. I kommunane var det skammeleg daudt. Ingen skjønte at høgskuleutdanning var eit gode å kjempe for. Men utan høgskule hadde det aldri vorte noko Fosshaugane Campus. Dei mange utbyggingane her har også skjedd med låg risiko. Faste statlege leigeinntekter frå ein ekspanderande høgskule var god garanti.

Så er det lov å tenkje kontrafaktisk: Kva om staten hadde lagt Sentralsjukehuset til Florø? Her var det då i det minste eit sjukehus frå før. Kva om Florø-politikarane hadde kjempa fram ei lærar- eller DH-utdanning? Då kunne Florø ha fått sitt Campus og Måløy si utdanning i akvakultur. Florø-sytet då sosialarbeidarutdanninga vart lagt til Sogndal, er like dumt som det same Gloppen-sytet om vernepleiarutdanninga. Staten avgjorde dette alt tidleg på 1970-talet: Eitt stort sjukehus i Førde. Høgare utdanning i Sogndal. Basta.

Frå Florø og Måløy har det lenge vorte klaga over uforstand og manglande interesse frå det veksande offentlege byråkratiet på Hermansverk. Det forstår eg godt. Leikanger er den mest offentleg byråkrattunge kommunen i Noreg. Rekrutteringa går bra fordi det er kort veg til Sogndal. Og fordi byråkratar trivst best blant andre byråkratar. Slik er det berre. Eg har ikkje høyrt ein byråkrat i Sogn mæle noko anna.

Nye Kinn kommune er meint å snu dette. Kommunen treng og vil ha fleire offentlege kompetansearbeidsplassar. Dei trur det vert lettare å nå fram med bodskapen sin til Vestland fylkeskommune i Bergen enn til fylkeskommunen på Hermansverk. Det trur faktisk eg òg.

Men lett vert det ikkje. For to pensjonerte toppbyråkratar på Hermansverk har på oppdrag av Sogn Næring laga ein detaljert rapport om (nye) Sogndal kommune som «Vertskapskommune for offentlege arbeidsplassar». Kanskje burde dei to lage ein slik rapport også for Kinn kommune?