Lesarinnlegg:

«Flytilbod for alle»

Dette lesarinnlegget er skrive av Sigurd Reksnes, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Sigurd Reksnes, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti.

Flytilbod for alle

For folk og næringsliv i Sogn og Fjordane er eit velfungerande flytilbod med eit akseptabelt prisnivå veldig viktig. Fly er på mange måtar distrikta sitt kollektivtilbod. Utan at dette fungerer vert det svært vanskeleg for næringslivet drive si verksemd her i fylket.

For Senterpartiet er det eit krav at Florø kjem inn under det offentlege rutekjøpet att (FOT Ruter), og at Førde lufthamn saman med Sogndal og Sandane, framleis må ligge på FOT rutenettet med eit godt flytilbod både mot Bergen og Oslo.

Kommersialiseringa av flyrutene til og frå Florø har ført til eit dyrt og dårleg flytilbod der, og er eit mislukka eksperiment. Dessverre er det folk og næringsliv på kysten som har måtta betale prisen. No er det på tide at regjeringa innser dette og rettar opp tidlegare feilgrep. Då må Florø lufthamn inn att som ein del av det offentlege flyrutekjøpet.

Alternativa til flytransport er ofte få når ein må ut på reise i jobbsamanheng. For mange som reiser i jobb er det avgjerande at ein kan reise om morgonen, og returnere om kvelden. Dette er ein viktig føresetnad for næringslivet, og alle andre som reiser mykje i arbeidet sitt. Når ein skal bestemme kvar ein skal lokalisere ei verksemd, eller busette seg, betyr det mykje for mange om ein kan kome seg raskt rundt om i landet, eller vidare ut i resten av verda.

Senterpartiet meiner at flytilbodet på kortbanenettet er ein like viktig del av kollektivtilbodet som buss og tog elles i landet. Vi meiner at Staten må prioritere og vidareutvikle flytilbodet i Sogn og Fjordane og andre distriktsfylke. Staten må i det komande flyrutekjøpet legge til rette for eit tilgjengeleg flytilbod der flya går ofte, med nok kapasitet, og ein billettpris som er til å leve med.