Lesarinnlegg:

«Når Erna spelar Trygve god»

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) har skrive dette lesarinnlegget. Arkivfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget, skrive av Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V), var først publisert i VG:

«Når Erna spelar Trygve god»

Folk flest i distrikta køyrer ikkje rundt med rifle på ATVen og leiter etter dyr som kan drepast. Senterpartiet sitt råkøyr i ulvesaka er eit sidespor. Men regjeringa må likevel ta mykje av ansvaret for at Trygve Slagsvold Vedum har vind i segla.  Erna & co har spelt Trygve god - fordi regjeringa til no ikkje har klart å meisle ut ein moderne distriktspolitikk der folk føler seg sett og verdsett over heile landet.

Regjeringsforhandlarane som sit samla på Gran har ein gylden sjanse til å setje stopp for Sp sin frammarsj - og samtidig skape ei berekraftig framtid for distrikts-Norge. Det er fullt mogleg, men det hastar.

Det gode liv i distrikta er mykje meir likt det gode liv i byen enn Trygve Slagsvold Vedum sin trauste fortids-romantikk. Det handlar om å leve vanlege, moderne liv i gode lokalsamfunn - nær der verdiane blir skapt - i ei verd der digitalisering gjer avstandar stadig mindre viktig. Folk flest på bygdene er tolerante, er opptatt av klima og av ny teknologi som kan skape ein lettare kvardag.

Den store frustrasjonen for det store fleirtalet handlar ikkje om ulv isolert sett, men om ei stille sentralisering av statlege funksjonar, kompetansemiljø og maktstrukturar i ei tid kor ny teknologi og digitalisering legg til rette for det motsette.

Det handlar om å måtte vere dei som må betale høgare straumrekning i e-postkassa for at storbyane skal få meir straum - produsert av våre naturressursar. Det handlar om sneversynte debattar i interne miljø i hovudstaden om landbruk og havbruk som «miljøproblem» - i staden for å sjå det enorme potensialet i å produsere meir rein mat til lands og til havs - og gje oss fridom til å utvikle det.

Det handlar om å vere lei av å bli handsama ovanfrå og ned. Av å bli fortalt at kvar einaste myrpytt på eit Vestland som renn over av regn må vernast, eller at eit FoU-miljø som byråkratane i Oslo skal nedlate seg til å gi pengar til må ha minst 40 forskarar - for å ta to heilt ferske døme.

Eller endå verre: Etter «kjøttbein-prinsippet» frå makt-eliten i hovudstaden: «- Nå har vi gitt dere noen hundre tusen til et lite pilot-prosjekt, så nå må dere smile og være fornøyde.»  I staden for å bli tatt på alvor på eit strukturelt nivå.

Eg er ein varm forsvarar av større kommunar, fordi vi treng meir utviklingskraft og større kompetansemiljø for å møte framtida også i distrikts-Norge. Eg kjenner likevel som ordførar kvar dag på kjensla av å vere makteslaus av ikkje å bu nær dei tunge maktstrukturane i hovudstaden - når staten stille flyttar seg ut av den nye og såkalla meir robuste kommunen vår bit for bit.

Og eg er djupt skuffa over å sjå kor lite staten eigentleg bryr seg med å hjelpe og backe oss som har stukke hovudet fram og laga dei større kommunane. Meininga var at staten då skulle vere ein partner for oss i å sikre ei tryggare framtid. I staden skjer det motsette, når NAV, Statens vegvesen, politiet og andre store byråkrati-kolossar får lov å halde fram si silo-tenkjing med sentralisering og flytting av kompetansemiljø inn til dei største byane. Medan regjeringa så langt toar sine hender.

Større kommunar og større regionar utan at staten samtidig følgjer med og flyttar makt og kompetansemiljø ut, vil vere å gå frå vondt til verre. Samtidig som Trygve Slagsvold Vedum kan danse på traktor-taket av glede over gode valresultat i overskueleg framtid.

Regjeringa må snarast syne handlekraft og vilje til å syne ein alternativ veg framover for distrikts-Norge. Der også staten gjennom sitt enorme byråkrati tar heile landet i bruk, brukar ny teknologi til å desentralisere, ikkje berre sentralisere sine kompetansemiljø, er med å gi utviklingskraft og fridom til nye større kommunar og regionar - og set fart på utbygginga av breiband og fiber.

Distrikts-Norge må utvikle seg og modernisere seg for å overleve. Difor er ikkje Senterpartiet sin fortids-romantikk svaret.  Men det er på tide at regjeringa sluttar å spele Trygve god. Då kan både ulv, sau og folk sjå føre seg ei framtid i eit distrikts-Norge som renn over av moglegheiter i ei grøn, digital framtid.