Lesarinnlegg:

«Kaptein Heggheim, «Kinn-Skuta» og Ja-generalane»

Meninger

Dette innlegget er skrive av Jostein Eimhjellen frå Svelgen:

Kaptein Heggheim, «Kinn-Skuta» og Ja-generalane

Kinn-skuta har kraftig slagside. Til rors står Heggheim og kjempar for å halde skuta på rett kjøl, medan den eine økonomiske bomba etter den andre går av.

Heggheim, som har si fortid frå Forsvaret, lar seg likevel ikkje skremme av økonomiske utfordringar og realitetar. Hans viktigaste mål ser ut til å vere at ein med Kinn blir større og meir slagkraftig, så ein kan ha eit forsvar mot den store fienden som er «indre strok».

På skutesida står Teigen og nokre andre Ja-generalar og held seg i rekka, medan dei klamrar seg til visjonen om kor stort og robust dette «Maktsenteret» på kysten ein dag vil verte. Ja, her gjeld det å vere god i trua, tenkjer Teigen medan dei stampar i veg mot dei store bølgjene på veg nordover mot Måløy. «Havet er det vi har til felles» tenkjer han, medan sjøsprøyten treff han i ansiktet.

Brått svingar Heggheim hardt babord! Han har fått nok av stampesjø. «Det blir Knuthomen i dag òg» ropar han. «Desse gretne og kravstore vågsøyværingane får heller komme og møte oss på midten». Heggheim var frå før av mektig irritert over dei kravstore vågøyværingane, som i siste time hadde forlanga dette såkalla «delte kommunesenteret».

«Kalvåg er ein god idé!» ropar Teigen.

Jacob Nødseth stikk hovudet opp frå dekksluka. Han ser kvit, bleik og sjøsjuk ut. Skuta har endra kurs og rullar voldsamt. «Knuthomen i dag igjen?» spør Nødseth. Han er på den eine sida glad for å komme i land, men på den andre sida redd for overskriftene som på ny vil komme i Firdaposten. I samband med Kinn har som kjent Flora tidobla pengebruken på «lystige» møter i Kalvåg, medan heimkommunane har opplevd rammekutt i budsjetta til skule og eldreomsorg. For å komme klar slike stygge overskrifter, hadde Nødseth eigentleg gjeve Heggheim beskjed om at ein i større grad burde bruke heimehamnene til slike møter og ikkje køyre Kinn-skuta opp i Kalvåg-brygga i tide og utide.

Er vi på tur, så er vi på tur! seier Heggheim. Kalvåg har og den rette og koselege atomsfæren for alle til å bli kjende med kvarandre og Frøysjøen er alt for lang no på vinteren, argumenterer han. Han må likevel innrømme for seg sjølv, at skipskassa begynner å bli tom for peng. Fossen sender uansett rekning tenkjer han, så vi slepp å bekymre oss over betaling i dag.

Heggheim synest alltid det var kjekt å komme seg i uthamn, der han kunne drøyme seg vekk og gløyme alle bekymringane heime. Det var dessutan minst ein månad til han måtte legge fram budsjett og kostnadar til denne fellesnemnda, så det tok han ikkje så tungt.

Skulle Firdaposten komme med meir skriverier, så diktar eg berre opp ei skrøne som ser truverdig ut, kan han roe Nødseth med. Eg skal nok finne på noko tull å skrive i mitt fredagsbrev tenkjer han for seg sjølv, medan Nødseth heng ut over rekka og må «mate fiskane».

Teigen står med eit lite flir om munnen, når han ser at Nødseth er nede for teljing. Kjemien har ikkje vore den beste mellom dei to, sidan Teigen «klubba han ned»  i førre kommunestyremøte. Teigen blir av og til rasande irritert over denne rappkjefta Nødseth, som grev og masar og vil ha ut informasjon om alle tenkjelege ting. Dessutan hadde Nødseth vorte litt for samd med vågsøyværingane. Flott at eg er ordførar og dermed har rett til å bruke klubba for å stoppe denne impulsive urokråka frå å få all informasjon fram i lyset tenkjer Teigen, som begynner å bli bekymra for at alle Kinn-realitetane kunne dukke opp for tidleg og i verst fall føre til mytteri.

I det dei rundar neset og har stø kurs mot brygga på Knutholmen, ringjer telefonen til Heggheim. Alle kan sjå at Heggheim blir litt stiv i blikket, medan han lyttar til kva som vert sagt. No har «pinadø» Fylkesmannen invitert seg sjølv til Kalvåg og i tillegg bede Heggheim om å kalle inn kommunestyra både i Sør og i Nord. Heggheim verkar til å vere uroa for at Fylkesmannen ville øydelegge stemninga for den fine samlinga han ville ha, med god mat og drikke.

Fylkesmannen som  i lengre tid hadde følgt med på Heggheim og Ja-politikarane sine «uforsvarlege» tankar om økonomi, ville prøve å få Heggheim og dei folkevalde inn på ein betre kurs. At Teigen og Maurstad i lokalavisa tidlegare hadde skrive at «Kinn ikkje var noko effektiviseringsprosjekt» hadde fått Fylkesmannen til å verte bekymra for heile opplegget. Delt kommunesenter og Kalvåg-turar var ikkje eit opplegg for innsparing og effektivisering som  harmonerte med regjeringa sine mål for «god kommunestruktur». Kommunalminister Meland hadde rista på hovudet over heile Kinn-opplegget på førre samling med Fylkesmannen. «Du må få desse bakstreverske vestlendingane til å forstå at dei må effektivisere og spare pengar, slik at dei er i rute til eg begynner å kutte i kommunebudsjetta» var beskjeden Fylkesmannen hadde fått frå ministeren.

Heggheim grein på nasa, når Kåre Treen og assisterande Fylkesmann begynte på sin presentasjon den kvelden. Bodskapen og realitetane dei kom med var ikkje til å ta feil av. «Kinn-skuta» var allereie så gjeldstynga at den med dagens lånegjeld gjekk rett inn på førsteplass, samanlikna med alle kommunar i nye Vestland fylke. Skulle ein ta opp lån slik Heggheim tidlegare har tala for, når investeringane vart vetekne, så ville dette ikkje være mogleg å leve med. Det måtte òg Heggheim sin økonomisjef til slutt samtykke med. Skulle renta stige med 1 prosent og ein hadde lånt slik ein hadde vedteke, ville heile Kinn-skuta kunne synke, var den klare konklusjonen. Fylkesmannen og ein del av dei frammøtte syntest nok det var underleg at ikkje Heggheim hadde fått denne infoen frå sin økonomisjef før, men ingen følte at atmosfæren var til stades for  å stille vanskelege spørsmål.

Frå Fylkesmannen var bodskapen å få ut effektiviseringsgevinstar og skape handlingsrom. Om ein ikkje lykkast, var Robek-fangeskap neste utveg. Heggheim var glad når Fylkesmannen var ferdig med «økonomi-gnålet sitt» og omsider drog frå Knutholmen, slik at han sjølv kunne ta over og få praten inn på andre ting. I morgon får vi vedta nye investeringsplanar som er meir realistiske, sa han. Dette syntest alle var ein god idé. Heggheim haldt eit flott innlegg om «tidenes kompetanseløft» før Teigen fekk glede av å runde av møtet med ei liten tale. «I Kinn er visjonen målet og målet er visjonen!». «Vi vert eit Maktsenter på kysten», avrunda han. Ja-politikarane Iversen og Kupen frå Måløy synest dette var flotte og mektige ord.

Neste dag var det mange som kom seint til frukost, men stemninga var flott og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur og eit bra felles kommunestyremøte, der dei hadde sloppe å vedta noko som helst…

Ei veke seinare kom Firdaposten med nokre skriverier om Kinn og unødvendig pengebruk i Kalvåg, men Heggheim parerte godt denne gongen òg.

I fredagsbrevet skreiv han at «sidan Knutholmen brukar mykje penge i Flora og Vågsøy, så må dette vere greitt». Ja, så lenge Kinn-pengane vert brukt på kysten og ikkje i Førde så må dette vere OK, skriv Heggheim i brevet sitt. Dermed vart det slutt på  fleire utidige spørsmål frå lokalavisa.

Ein månad seinare vart det litt spenning, når Heggheim måtte innrømme ein stor budsjett- sprekk i Fellesnemnda. Dei 20 millionar kronene han hadde hatt til rådvelde, hadde ikkje vore  nok. «Skal vi få fram dei gode gevinstane, så har dette ein kostnad», sa Heggheim. Alle JA-generalane var samde og det vart vedteke å tilføre 20 millionar meir og heller kutte kraftig i budsjetta til skule og omsorg i heimkommunane.

Som vi alle ser, er Kinn-skuta med Heggheim til rors, klare for nye sjøslag også i 2019. Vil skuta gå på grunn? Bør havarikommisjonen og Fylkesmannen vere i beredskap? - eller ser vi konturane av eit «Maktsenter» på kysten?

Her må vi berre følgje med vidare på Kaptein Heggheim og Ja-generalane si grenselause eventyr ferd.