Lesarinnlegg:

«Olav Sølvberg og Fjordenes Tidende»

Dette svarinnlegget er skrive av Erling Wåge, redaktør i Fjordenes Tidende. Illustrasjonsfoto 

Meninger

Dette svarinnlegget er skrive av Erling Wåge, redaktør i Fjordenes Tidende.

Olav Sølvberg og Fjordenes Tidende

Olav Sølvberg er skuffa over meg og svaret eg kom med etter at han bad Fjordenes Tidende skrive meir om det som skjer i Flora kommune som Vågsøy kommune skal slå seg saman med frå 2020.

Du tolkar svaret mitt som at eg meiner at det er økonomisk ruin for journalistar å reise fire timar tur/retur til Florø for å rapportere derifrå. Det har eg aldri uttalt. Her synest eg du tek vel hardt i. Eg prøvde å forklare utfordringane med å vere tett på det som skjer i Flora når det er store avstandar. Dette er like utfordrande for Firdaposten dersom dei skal rapportere til sine lesarar frå Vågsøy. Det er heilt rett som du har undersøkt at Fjordenes Tidende er ei solid bedrift med pengar på bok og positiv driftsmargin.

Eg prøvde også forklare at dersom våre journalistar skal vere meir i Flora kommune, så blir det mindre tid til å vere i området vi dekker i dag. Med dei ressursane vi rår over så må vi gjere mindre av det eine om vi skal gjere meir av noko anna.

I lys av dette utfordra eg deg på kva du vil ha mindre av i Fjordenes Tidende. Ditt svar på dette er vel det du skriv om dekninga vi hadde i siste fredagsavis som du har telt opp  til er sju heilsider frå Eid. No handla mesteparten av dette om nye Stad kommune som angår både Selje og Eid. Men eg tolkar deg slik at du vil ha mindre journalistikk i Fjordenes Tidende frå denne delen av Nordfjord og meir frå Flora. Og det er i tilfelle ei ærleg sak.

Du viser til nokre kommentarar på nett og ein kommentar du har fått på gata. No var det langt fleire kommentarar i denne dialogen som du ikkje har teke med. Kommentarane viser at det er ulike meiningar om kva vi bør prioritere, der nokon støtta deg og andre forstod mi forklaring.

Når dette er sagt så har Fjordenes Tidende aldri rapportert så mykje frå Flora kommune som vi har gjort siste åra. Og det er sjølvsagt naturleg når politikarane i desse to kommunane har bestemt seg for å bli ein kommune etter 2020. Vi har vore, og skal vere, tett på prosessen med å planlegge samanslåinga av det som skal bli Kinn kommune. Ergo så vil det bli rapportert frå Flora kommune. Og kva som vil skje etter 2020, i ein kommune der det i starten vil vere to lokalaviser, vil tida vise.

Det er fint at du bryr deg!