Lesarinnlegg:

«Svar til Doris Christensen sitt innlegg»

Nils Myklebust har skrive dette lesarinnlegget.  

Meninger

Nils Myklebust (Sp), varaordførar i Vågsøy og leiar av Kinn Senterparti, har skrive dette lesarinnlegget:

Svar til Doris Christensen sitt innlegg i Firdaposten og Fjordenes Tidende , av 1. februar 2019: «Retorikk og konspirasjonsteoriar i lokalpolitikken»

Som motsvar til  mitt opphavelege innlegg til Ordførar Ola Teigen, spør Christensen og Ap om følgjande:

«Hva oppnår Nils Myklebust i Vågsøy Sp med å påpeke hvilke tall ordfører i Flora bruker for å forklare den økonomiske situasjonen der»?  «Hva oppnådde Sp med sitt utspill»?

Det er underleg at det verkeleg er desse spørsmåla som vert stilla her. I innlegget mitt og der spør eg ordførar Teigen om dei tala eg har presentert,  verkeleg stemmer? For det er på bakgrunn av dei tala eg har, at eg ikkje er samd med Teigen når han påstår at Flora kommune har store fond til disposisjon og at økonomien aldri har vore så god.


Flora kommune sitt pensjonsfond har eit underskot på  58 millionar kroner. Flora kommune sitt fond tilknytte vatn og avløp (VAR-område) har underskot på 3 millionar. Til saman er dette eit underskot på 61 millionar kr.  Fondet som ordførar Teigen nemner er på 34 millionar. Dette betyr likevel eit samla underskot på 27 millionar!

For å svare på spørsmål nr 1:  Vågsøy Sp vonar at det er lov å stille ein ordførar opne spørsmål kring økonomi, spesielt når meiningane er såpass delte om kva som er god og dårleg økonomi i ein kommune. Vågsøy Sp saman med underteikna,  ønska med andre ord ei oppklaring. Vi la i same innlegg opp til å bli korrigert av ordføraren, om tala ikkje stemte.  Den korrigeringa finn eg ikkje i innlegget frå Christensen.

For å svare på spørsmål nr 2:  Det er litt for tidleg å seie noko om kva vi i  Vågsøy Sp oppnådde med vårt utspel. Det kan folket kanskje sei noko om,  når dei skal nytte si stemme i valet og elles i debattar.

Det Vågsøy Sp håpar vil vere eit mogeleg utfall, er at fleire engasjerer seg i samfunnsdebatten og vågar stille oss politikarar kritiske spørsmål. Senterpartiet vil  ha ein openheit kring politikken vi står for, med det  formål å opplyse veljarar om kva vi står for.

Vi ynskjer sjølvsagt at fleire som følgjer dei politiske debattane, vil kunne lettare søke til det partiet dei kjenner seg heime i.

Vidare så skriv du at større kommunar vil kunne gjeve betre tenester til innbyggarane, men kva har du det i frå? Dei fleste undersøkingar viser det stikk motsette.  I Vågsøy så har vi per dags dato gode tenester på dei fleste områda og næringslivet gjer det bra og det gjer næringslivet i Flora også, men så langt så er det som eigne kommunar, ergo det er ikkje Kinn som har ført til dette, men at vi er to kommunar kvar for seg i den grad det har noko å seie for næringslivet i det heile, dei samarbeider over kommunegrensene uansett.

Når det angår alle dei som er tilsette i Vågsøy kommune så er vi mykje meir bekymra over kva konsekvens det har at det stadig frå Ap vert hevda at vi har for små fagmiljø til å kunne utføre dei kommunale tenestene. Korleis trur du at dei tilsette oppfattar dette? At det stadig vert hevda at dei ikkje er gode nok?

Vi har i kommunestyre og formannskap har blitt vist undersøkingar som viser at vi har ein god barnehage, ein god skule, ei god eldreomsorg for å nemne noko. Faktisk så ligg vi i front på mange områder.

Mitt inntrykk er at vi har tilsette med svært stor kompetanse og som gjer ein god jobb, dei er svært villige til å endre på ting og dei er aktive til å ta nye ting i bruk, det er ikkje slik i alle kommunar, dette fortener dei ros for, ikkje stadig å høyre at dei er ikkje gode nok.

Senterpartiet har hatt ei stor auke i medlemmar, noko som gir oss ei oppfatning av at det vi representerer noko som mange er einige med oss i.  Sp kjem til å stemme for det vi meiner er fornuftig og som gjev innbyggarane gode tenester. Og vi vil stemme i mot det vi meiner er ufornuftig og som vil gjeve innbyggarane dårlegare tenester.

Vågsøy Sp har vist at dei er til å stole på, kan Ap seie det same?

Lukke til med valkampen.