Lesarinnlegg:

«Måløyraidet 2»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sandøy:

Måløyraidet 2

Tredje juledag, i førti-ein,

ein dato hogd i stein

i historieboka vår.


Allierte styrkar i Måløy landa,

og gav herr Hitler eit rapp på handa,

med klar beskjed: «Her skal skapet stå,

og du, din bøvel, du skal få sjå,

at vi har tenner å bite med.

Vi gjev oss ikkje før det blir fred,

og nordmenn atter kan puste fritt,

når vi er fri nazipakket ditt»!


Det kosta tårer, sveitte og blod,

som Churchill sa, då han einsam stod

på skansen, mot Hitler si våpenmakt.

Men sakte, sikkert, med dødsforakt,

han snudde lukka, tok kampen opp,

og Måløy var eit etappe-stopp,

som gav eit lyspunkt, eit glimt av dag

på vegen fram mot dei vunne slag.


Det fall nok tårer hin juledag,

og bordet dukast for nye slag.

Blodet vil vonaleg utebli,

nei, slaget står om økonomi!

Eit senter til ære for soga vår,

kan gå fortapt om ein ikkje får

ei ny forsyning med gryn og peng,

og unngå fattigmanns sotteseng.


Det er’kje greitt, sann, med kiv og strid

og krav om pengar i ettertid.

Budsjettet bør henge litt i hop,

og ikkje utløyse høge rop

om litt av ditt og litt meir av datt,

og mang ei kommunal våkenatt.

Eg syns kommunen har strekt seg langt,

og der budsjettet frå før var trangt.


Å ha ein plass der vi kan og skal,

minnast raidet, og dei som fall,

er berre slik som seg hør og bør.

Men den som vil stå som arrangør

må rekne rett, med reelle tal,

og nøktern omgang med kommunal

skatt og inntekt, der kassen vår

kan bli påført eit blodig sår.


Det blir fort nokre såra på skueplassen,

med eit Måløyraid mot kommunekassen.