Lesarinnlegg:

«Om det å kaste helgen og hest på båten»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Eid Fjordhestlag:

Om det å kaste helgen og hest på båten

I ordbøker vert uttrykket «å kaste noko på båten» definert som «å la fare, gje ein god dag». Stad 2020 har køyrt ein omfattande prosess i arbeidet med nytt kommunevåpen og møtt betydeleg engasjement i folket.

07.06.2018 gjekk fellesnemnda gjennom innkomne framlegg og gjorde eit vedtak vi meiner var klokt. «Dei historiske elementa frå dagens kommunar – fjordhesten frå Eid og Sunniva-tradisjonen for Selje må varetakast.» Vedtaket stod i ni månader. Då kom det ein båt på bordet – ut av det blå.

Den stiliserte båten Byrr hadde teikna «på kammerset», utanfor bestillinga frå fellesnemnda, begeistra fleire politikarar. Dei steig om bord, saman med det tidlegare vedtaket sitt. Slik kom dei i skade for å forkludre prosessen og bryte premissane dei sjølve hadde sett for anbodskonkurransen. Etter å ha bestilt profesjonelt forma ut skisser i tråd med vedtaket, fann dei brått ut at det kunne vere artig og «nytenkjande» med ein båt.

Båtar kan vere både estetiske og praktiske. Båtar har vore viktige for Selje, Eid og resten av kysten. Båtar er generelt så aktuelle at eit titals kommunar allereie har teke dei i bruk som kommunevåpen. Så nytenkjande er ideen om Byrr sin båt. Med andre ord: Byrr kan selje den stiliserte båten sin til kommunar over heile landet. Vi er fullt ut samde i at det aktuelle båtmotivet i seg sjølv er elegant og tiltalande. Regelrett stilig er det, men samstundes sterilt nok til å høve ypparleg inn i dei aller fleste fylke. Spørsmålet er om det er eit slikt symbol vi ønskjer? Vil vi vere i same båt som det langstrekte Kyst-Noreg elles?

Eller ønskjer vi å skilje oss ut? Eid Fjordhestlag har tidlegare argumentert og gjort greie for Fjordhesten sin heilt unike posisjon i distriktet vårt. Sunniva har tilsvarande status i Selje. Difor er vi så glade for at Byrr har teikna eit svært vakkert, unikt framlegg til kommunevåpen som sameinar og jamstiller nasjonalt og internasjonalt velkjende kulturar frå både Selje og Eid. Det ligg kraft og styrke bak begge desse symbola. Begge er seige, og begge har stått for tru, trufastheit og heilagdom i 1.000 år. Samstundes er dei framtidsretta. Dei står seg.

Godtfolk: Stem på alternativet som syner eigenart og identitet; på motivet som skil Stad frå ein kvar annan kommune i heile verda. Og til politikarane som er ute på ein båttur: Heldigvis er det både lett og greitt å snu skuta og ro seg inn att, for så å setje Sunniva og Fjordhesten på land. Det veit vi at de greier godt. Vi er mange som heiar på dykk, tek tida og ønskjer dykk alle velkomne heim til Stad!