Lesarinnlegg:

«Fakta – for den som bryr seg»

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt. Bildet er tatt under kommunestyremøtet i desember 2018 der Oldeide argumenterte for å stoppe arbeidet med dette anlegget tidleg i prosessen ettersom han meinte at ein svært anstrengt kommuneøkonomi ikke ville tillate dette millionutlegget. Foto: Svanhild Breidalen 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.

«Fakta – for den som bryr seg»

Etter kommunestyrebehandlinga av saka om symjehall i Måløy er det naudsynt å «spikre fast» nokre fakta som ser ut til å vere uklare for både vanlege folk og ein del av dei folkevalde. Utsegner både i FjT og på Facebook syner det.


Nordfjordbadet:

Forvirring om ordførersignatur på gavebrev

Under kommunestyremøtet i Vågsøy torsdag oppstod det forvirring rundt hvorvidt ordfører Kristin Maurstad (Ap) hadde signert et 35 millioners gavebrev fra næringslivet eller ikke.

1. Ordføraren har skrive under på eit gavebrev frå næringslivet v/Coastline Property AS på kr. 35 mill. der ho bekrefter at gaven skal nyttast ved oppføring av: «Badeanlegg på sentrumstomt i Måløy». Ho nekta for dette i kommunestyret. Då Raudt la fram bevis, kalla ho det ei misforståing. Det hevda ho også i FjT etter møtet. Ho har fortsatt ikkje innrømt at ho har underteikna det gavebrevet.

2. Det er eit faktum at dersom planen blir gjennomført, så vil politikarane gje vekk over 70 mill. av felleskapet sin eigedom til private. Dvs. dei private betaler ca 1/2 mill for å få desse 70-80 mill. Noko slikt har, så vidt meg bekjent, aldri vore gjort før i Vågsøy si historie. Ingen av dei politikarane eller partia som er med på dette har prøvd å forklare eller forsvare kvifor dei gjer noko slikt.


Rødt: – Vi skal bygge svømmebasseng i Vågsøy

Selv om Geir Oldeide (R) måtte innrømme overfor et samlet kommunestyre at også hans hemmelige drøm var et svømmeanlegg i Vågsøy, gjorde han et siste forsøk på å få badeanlegget over på kommunale hender.

3. Det har ikkje blitt stilt bankgaranti frå næringslivet for dei siste 10 mill. i finansieringa av anlegget. Næringslivet hadde mål om å samle inn 45 mill, men greidde berre 35. (Difor er gavebrevet i pkt. 1 på 35 mill). Dei siste 10 mill blei «ordna» ved eit tilsagn om lån til det framtidige selskapet Nordfjordbadet AS frå Sparebanken Sogn og Fjordane, bl.a. med pant i tomta. Den som driv badeanlegget (kommunen) skal betale tilbake lånet. Morten Hagen, og seinare Linda Vika Svärd, frå Høgre seier det foreligg ein bankgaranti på dei siste 10 mill. og at næringslivet skal samle inn også desse siste 10 mill. Dei har ei plikt på seg til å dokumentere påstandane sine, eller innrømme at dei ikkje var sanne.

4. I kommunestyret blei det hevda at eg/Raudt kom med mange unøyaktigheter og uriktigheter i saka. Ordføraren påstod i intervju etter kommunestyremøtet at eg kom med så mange påstandar og teoriar at det blei utfordrande å svare på alt. Har de ikkje ei plikt til å opplyse folket om kva desse feila består i? Og har de ikkje eit ansvar for å vise meg og Raudt kva vi har teke feil i? Vi er ikkje feilfrie! Det er klart dette er ei stor og svært omfattande sak. Vi er eit lite parti med begrensa ressursar. Vi venter på dokumentasjonen og bevisa dykkar. På bordet med dei!


Valgte AS etter råd fra jurist

–Vi har ikke alle svar før vi starter utredningene, sa rådmann Knut Ove Leite som understreket at AS-formen for Nordfjordbadet er valgt etter råd fra jurist.

Raudt etterlyste i kommunestyret argument for dette med AS. Fleire gonger. Ingen kom med argument, heller ikkje rådmannen som har laga innstilling om dette. Sett i lys av faktum 2 ovanfor syns vi dette er svært merkelig. Eit så drastisk tiltak burde det finnast mange og gode argument for og ei god analyse til grunn for. Einaste «argumentet» som kom, og som også er gjenteke av rådmannen i FjT, er at organiseringa er vald etter råd frå advokat. Skal vi forstå dette slik at administrasjonen tidleg i denne utgreiinga tok kontakt med advokat for å få råd om korleis bygging av symjeanlegg best burde organiserast selskapsmessig? Kvar fins dette dokumentet? Kvifor ligg det ikkje med i saka? Og kvifor kunne ikkje Leite kome med advokaten sine råd og vurderingar i kommunestyret? Kan forklaringa vere følgande: Etter at ein hadde bestemt seg for AS og korleis dette skulle gjerast, oppdaga ein at dette gav problem med refusjon av moms på drifta slik andre har opplevd. Dermed måtte det undersøkast hos advokat korleis dette kunne bøtast på. Vi har sjølvsagt sett dette skrivet frå advokaten. Der kjem advokaten med råd om at dersom ein har bestemt seg for AS så bør ein i tillegg lage eit reint kommunalt driftsselskap. Slik kjem ein best ut av dette med momsen. Er det dette som på Leite-vis blir til «vi har valgt organisasjonsform etter råd frå advokat»?

Mange meiner nok mykje om både saka og den behandlinga ho fekk i siste kommunestyremøte. For vår del meiner vi at Venstre tok kaka. Edvard Iversen sin konklusjon i debatten var at dei no ville gå inn for fast begrensa taletid i kommunestyret. Snakk om demokratisk sinnelag. Dette er ei av dei største utbyggingssakene i kommunen si historie der det av fleire er peika på mangelfull utgreiing og komplekse saksforhold; der det ser ut til at politikarane vil dele ut av våre felles verdiar til nokre få private; der kommunen tek på seg all risiko som kan ende med store underskot. Det store problemet for Venstre her er altså at Raudt brukar for mykje tid og snakkar for lenge! Og det trass i at kommunestyremøtet faktisk blei ferdig før den oppsette tida.