«Kysten går så det susar»

Dette innlegget er skrive av Vebjørn Leite Olsen, ungdomkandidat for Kinn Høgre og fylkesleiar i Unge Høgre. 

Meninger

Dette innlegget er skrive av Vebjørn Leite Olsen, ungdomkandidat for Kinn Høgre og fylkesleiar i Unge Høgre.

Kysten går så det susar

Senterpartiets sentraliseringskritikk er kritikk på autopilot. Det er kritikk for kritikkens skyld. Mens Sp fortsetjer å synge Senterpartiets førehandsskrivne tonar om distriktsdød og sentralisering, er verkelegheita at distrikta går så det griner! Arbeidsledigheita er rekordlåg, næringslivet blomstrar, og det blir bygd ut veg og bane som knyt landet saman.

Det er morosamt at Sp snakkar om kysten i Sogn og Fjordane. Er det ein ting som Sogn og Fjordane fylkeskommune med Sp i spissen ikkje har satsa på så er det kysten. Uavhengig av regjering som har vore, så har den største sentraliseringa skjedd i vårt eige fylke (med Sp og Ap i spissen) og vekk frå kysten og innover i fylket. Kystkommunane står aleine i fylket Sogn og Fjordane, derfor har trua på at i vestlandsregioen der ein ser verdiar av kysten og at ikkje berre er eit endestopp.

Ein anna ting Sp ikkje forstår er at kysten treng gode handelsavtalar som EØS-avtalen. Næringslivet i Sogn og Fjordane og kysten er variert og eksportretta. Her i fylket har vi fleire bedrifter som lever av eksport – til dømes innan metall, fisk, produksjon av klede og teknologi. Eksempel på eksportfirma er Norwell i Florø, som kjøper laks av opprettarene og sel vidare ut i verda. Då er det viktig med gode, trygge rammevilkår og tilgang på marked som EØS-avtalen gir. Resultata talar for seg sjølv.

Sjømatnæringa har auka sin eksport til 99 milliarder kroner, skogbruket hadde i 2017 det beste året sidan 1989, og reiselivsnæringa har økt med 2 millioner besøkande sidan sosialistane styrte. I distrikta har ein mest av små og mellom bedrifter, Høgre i regjering skapar nye og redda (etter oljekrisa) lokale arbeidsplassar ved å senke skattar og føre ein aktiv næringspolitikk.

Eg er glad for at vi har ei regjering som forstår at distriktspolitikk er meir enn subsidiar og overføringar til kommunane. Distriktspolitikk for Høgre handlar om å bruke ressursane på å styrke distrikta. Levande lokalsamfunn er distrikt som kan stå på eigne bein og ta avgjersle utan innblanding frå Oslo, derfor treng vi større kommunar og fylkeskommune for utføre oppgåver.

Vegstandarden blir betre og vedlikehaldsetterslepet fell. Samferdselssatsinga er det viktigste vi gjer for å sørgje for levande distrikt. Samtidig er samferdselssatsinga til denne regjeringen historisk. Vi bygger veg og jernbane for å redusere avstandane mellom by og bygd. Etter år med forfall på veg og bane, blir det no investert 1000 milliardar kroner i å binde landet saman.

Eg forstår at det gjer vondt for eit sjølvtitulert distriktsparti å oppleve at den same regjeringa dei kritiserer for sentralisering, driv ein meir distriktsvennleg politikk enn kva Senterpartiet sjølv fekk til gjennom åtte år med fleirtall.

Her er fem grunnar til at Høgre er best for distrikta:

1. Høgre i regjering har styrka kommuneøkonomien kvart år.

2. Det blir bygd vesentleg meir veg og bane i distrikts-Norge med Høgre i regjering.

3. Høgre i regjering skapar nye lokale arbeidsplassar ved å senke skattar og føre ein aktiv næringspolitikk.

4. Langt fleire statlige arbeidsplassar har blitt og blir flytta ut av Oslo med Høgre i regjering.

5. Høgre i regjering gjennomfører ein kommunereform som skal sikre betre velferdstenester og sterkare lokaldemokrati.