Lesarinnlegg:

«Ikkje eitt, men to liv»

Kyrkja før og no: Karl Egil Johansen har skrive dette innlegget. Arkivfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Karl Egil Johansen.

Ikkje eitt, men to liv

I eit innlegg framfor Kvinnedagen sist veke hadde Siri Sandvik, Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Stad og leiar for kvinnenettverket i Vestland Arbeidarparti, eit lesarinnlegg i Fjordenes Tidende. Mange forhold blir her nemnde, og mykje av det Sandvik skriv, er det ikkje vanskeleg å gje si tilslutning. Men på eitt punkt bør ho ikkje få stå uimotsagt sjølv om ho har opinionen, i alle fall det store fleirtalet, på si side. Det gjeld abortlova. 


Lesarinnlegg:

«Kvinnedagen»

Som så mange andre gjer Sandvik dette svært enkelt: Det gjeld kvinna sin rett til å bestemme over sin eigen kropp og sitt eige liv. To gonger i innlegget seier ho dette.  Men så enkelt er det ikkje. Fosteret som er på veg, er òg eit menneske, eit liv som er på veg med bestemte arveanlegg og eigenskapar – og  ikkje berre ein «celleklump», som tilhengjarar av abortlova kalla det då denne lova vart vedteken i 1978.

I år var hovudparolen under markeringa av Kvinnedagen: «Forsvar selvbestemt abort – fjern nemndene.» Om det er kvinna sjølv eller ei offentleg nemnd som tek avgjerda om å fjerne eit foster, er likevel eit heller underordna spørsmål i denne samanheng. Slik nemndsystemet fungerer, er det sjeldan nemndene set seg imot abort. Det som derimot er det store spørsmålet, anten vi likar det eller ikkje, er dette: Er det rett å ta liv av dei svakaste iblant oss – eit hjelpelaust foster som verken kan protestere eller på nokon måte setje seg til motverge?

Ein uønskt graviditet set mange kvinner i ein vanskeleg situasjon. Det er det ingen tvil om – ikkje minst når barnefaren nektar å ta ansvar og prøver å stikke frå det heile. Åleinemødrer og andre vanskelegstilte har heller ikkje fått den hjelpa som burde ha vore sjølvsagd både før eller etter fødselen. Her er det mange som har mykje å svare for. Det gjeld styresmakter så vel som store samfunnsinstitusjonar som kyrkja og den enkelte av oss. Dette kan likevel ikkje forsvare ei abortlov med dei konsekvensane vi kan registrerer 40 år seinare.

I løpet av desse 40 åra er det utført over ein halv million abortar. For å illustrere det veldig omfanget  er det fort gjort å rekne seg til at dette utgjer 20 000 – tjue tusen - skuleklassar med 25 born i kvar klasse. Og dette skjer ikkje i eit u-land med elendige livsvilkår, men i eit av verdas rikaste land med eit velferdssystem som overgår alle andre. Kan denne  fjerninga av menneskeliv vere nødvendig? Og viktigare: Kan det verkeleg vere rett?

Det er freistande å gjere eit lite tankeeksperiment. Kva om dagens abortlov og den rådande haldninga til abort hadde vore gjeldande i dei barnerike åra etter krigen og fram til 1960-talet? Ein ting er sikkert: Då vil mange som i dag står på barrikadane for abortlova – og mange av oss andre – neppe ha blitt fødde. I den tida og heilt fram til abortlova var vedteken, var haldning ei heilt anna til dette spørsmålet. Dei aller fleste sa nei til abort, og var glad for borna dei fekk anten dei var mange eller få.

Vi lever elles i eit tid då livet er truga både ved starten og mot slutten: Det aukande trykket for å få innført aktiv dødshjelp, vil truleg før eller seinare føre til ei lovendring òg på det punktet. Både media og fleire politiske parti trykkjer hardt på, og opinionen har gradvis svinga i same retning. Den gamle tanken om at det er Gud si sak å styre over liv og død, gjeld ikkje lenger. I staden vil det moderne mennesket kvitte seg med det som er vondt og vanskeleg..

Løysinga kan likevel ikkje vere å kvitte seg med uønskte born, sjuke og skrøpelege. Løysinga må heller vere at vi som samfunn og enkeltpersonar ser dei som står i ei livskrise og gjev dei den omsorg og hjelp som dei treng i ein slik situasjon. Ein mann med den alvorlege nervesjukdomen Huntington skreiv nyleg eit innlegg om dette i ei Bergens-avis. Sjølv hadde vedkomande vore så fortvila over framtidsutsiktene at han i over ti år hadde vurdert å dra til Sveits for å ta sitt eige liv, før han forstod at dette var ein blindveg. Han avslutta innlegget sitt slik:

«Livet er hardt. Ingen av oss kommer helskinnet gjennom uten problemer. Det kan vi aldri votere bort i Stortinget, enten det er gjennom å drepe uønskede barn ved livets start, eller ved å gjøre slutt på livet når det oppleves som for tøft.»

Måtte vi kunne lytte og ta til oss desse orda frå ein mann som har vore hardare prøvd i livets skule enn dei fleste av oss.