Lesarinnlegg:

«Laks er det husdyret som set minst fotavtrykk»

Dette innlegget er skrive av Alex Vassbotten, dagleg leiar ved Steinvik Fiskefarm, som eit tilsvar på det førre innlegget Steinar Hammersvik hadde i Fjordenes Tidende Lakseoppdrett, en velsignelse eller en voksende miljøkatastrofe?  Steinar Hammersvik sitt innlegg i dag Om laks og miljø er eit svar til Vassbotten. Illustrasjonsfoto 

Meninger

Dette innlegget er skrive av Alex Vassbotten, dagleg leiar ved Steinvik Fiskefarm, som eit tilsvar på det førre innlegget Steinar Hammersvik hadde i Fjordenes Tidende (26. februar) Lakseoppdrett, en velsignelse eller en voksende miljøkatastrofe? Steinar Hammersvik sitt innlegg i dag Om laks og miljø er eit svar til Vassbotten på dette.

Vassbotten vil ved ei seinare anledning svare på det konkrete innlegget som Hammersvik har på fjt.no i dag.

Laks er det husdyret som set minst fotavtrykk

Påstanden om at opne oppdrettsmerdar endrar åtferda til villfisk, er teken ut av lause lufta og det finnes ingen bevis for det. Det som er tilfelle er at oppdrettsanlegga skapar kunstig rev (habitat), som blir tilhaldsstad for småfisk, og større fisk som sei og torsk, som jaktar på denne småfisken. Dersom eg som fiskeoppdrettar ikkje er flink med fôring, vil det føre til at pellet dryss igjennom og villfisk vil ete det. Ja dette kan skje, men fôret er eit godt fôr som ikkje er til skade for den ville fisken.

Det er ingen ørken under eit anlegg som er drifta på ein god måte. Feces (avføring til fisken) kan føre til  lokal opphoping under merdane (punktbelasting). Alle anlegg i Norge har pålegg om å ta prøve av botn under og rundt anlegga. Desse undersøkingane vert tekne når ein lokalitet har høgast produksjon, det vi kallar topp biomasse, ved kvart utsett. Undersøkingane blir rapportert inn til sektorstyresmakter, og vi har ein historikk som viser at lokalitetane i Norge har betre og betre tilstand.

Ved stor påverknadpå ein lokalitet over tid, vil styresmakter sette restriksjonar på framtidig drift. Tilstanden på alle lokalitetar i Norge i 2014 var: 75,4 prosent svært god, 18,8 på god, 5,3 på dårleg og 0,5 på svært dårleg. Sjå Fiskeridirektoratet si heimeside.

Sjøauren er ein ikkje trua art,heller ikkje er laksen det. At dei har eit krevjande liv er rett. Dei er påverka av oss menneske gjennom alt frå utbygde vassdrag til el-produksjon, og stadig nye utbyggingar kjem til. Utslepp frå jordbruk og industri langs elvane. Lite mat i havet i periodar, grunna stor pelagisk (makrell og sild) biomasse som kjempar om den same maten som laksen. Auka temperatur i elv og sjø (klimaendringar). I mange elvar er det så mykje aure (stor biomasse) at det blir kamp om maten der og, såleis blir kondisjonsfaktoren på aure dårleg, og den er lite rusta til å gå ut i sjøen for å bli ein sjøaure.

I den perioden smolten vandrar ut i havet frå elvane, er det lite lakselus på laksen i norske oppdrettsanlegg. I perioden frå midt i april til slutten av mai, skal det vere under 0,2 vaksne lus på oppdrettslaksen. Av 10 laks kan det vere 2 vaksne lus. Denne grensa er sett for at utvandrande smolt frå elvane skal vandre ut i eit miljø med lågt lusepress.  Og så må ein hugse at lakselus ikkje er ei oppfinning frå norske lakseoppdrettsanlegg, men ein naturleg art i havet og fjordane våre.

Leppefisk (rensefisk) er regulert med kvotar, ikkje fritt fiske. Det er sett i gang overvaking på beskatting på desse artane. Det er heller ikkje lov å fiske før gytinga er ferdig ca. 20 juli. Dette er altså ingen miljøkriminalitet.

Hydrogenperoksyder lite brukt sør for Stad. Det er ikkje påvist skade på ville artar med bruk av dette stoffet under avlusing i sjø. Kitinhemmar er lite brukt, og nasjonalt redusert dei siste åra med 90 prosent. Det vi brukar no er lunka vatn, som ikkje har påverknad på miljøet, men tek lusa av fisken.

Norge importerer soyabønner som er brukt i lakseproduksjon og husdyrproduksjon. Av verda sin soyaproduksjon er ca. 2 prosent berekraftsertifisert. Norge kjøper berre soya frå denne delen som er sertifisert. Denne soyaen er ikkje GMO (genmodifisert). Norsk fôrbransje set inn store ressursar på å produsere fôr som skal sette mindre og mindre fotavtrykk. Vi vil dei neste åra sjå ei gradvis innfasing av nye råvarer som vil vere meir berekraftig, til dømes bruk av eincelle-råvarer eller insektmjøl produsert i Norge.

Laks er det husdyret som set minst fotavtrykk, er lågast på fôrfaktor, og lågast på energibruk, på grunn av at friskt vatn strøymer igjennom merdane heile tida. Om ein er oppteken av miljø og fotavtrykk, så skal denne næringa ikkje på land. På land må ein ha store areal for å dekke den produksjonen vi har i sjø i dag, og pumping av vatn er svært energikrevjande og fører med seg høge kostnader. Å finne gode areal til alle anlegg som er tenkt, på land, vil vere svært krevjande. Anlegga må ligge nær infrastruktur som elkraft og vegar. Eg meiner at dersom anlegga i Flora og Bremanger skal på land, så treng vi eit areal på storleik med flyplassen i Flora.

Når det gjeld saka om bruk av for mykje vatn hjå Barlindbotn Settefisk, og at ein vann denne saka i lagmannsretten, vil eg og nemne at vi ikkje berre vann på nødrett, men vi vann også på at nedtappinga ikkje hadde påført naturen skade. Saken om nedtapping av elva i Svelgen (Riseelva): der er vi usamde i bota, og har klaga på denne. Det var eit uhell ved arbeid på demningen og laksetrappa som er under bygging. Vatnet er enno ikkje i bruk til lakseproduksjon i Breivika, og såleis ikkje nedtapping for økonomisk vinning slik det blir framstilt. Eg er villig til å kjempe mykje for å verne om retten til at alle i samfunnet skal ha lov til å forsvare seg på det eg meiner er urimeleg store bøter. Staten heiar fram etablering av bedrifter med ei hand og straffar urimeleg hardt med den andre. Dette er ein fin balansegang som kan ta lysta på initiativ frå mange.

Far min og eg starta med fiskeoppdrett i 1986, og det har vore mange opp og nedturar. Dei siste åra har vore gode. God biologisk drift og god pris ute i marknaden gjev resultat. Vi har lagt stein på stein, og bygd opp ein god eigenkapital. Denne eigenkapitalen blir no brukt til å skape meir aktivitet i Svelgen. Steinvik Rensefisk har 14 tilsette og har produsert Rognkjeks sidan 2014. No er bygging av nytt anlegg for storsmolt i gang på land.  At vi som resultat av å vere dyktige fiskeoppdrettarar blir kalla for grådige, har eg lita forståing for. Det er synd at det å skaffa arbeidsplassar og få aktivitet i distrikta vert utsett for jantelov.  Vi oppdrettarar bør også bli flinkare til å nå ut med god og rett informasjon, slik at mistydingar og utdaterte haldningar/meiningar, som kjem fram i lesarinnlegget til Steinar Hammersvik, får stå ved lag.

Steinvik Fiskefarm driv visningssenterfor lakseoppdrett. Her informerer vi om næringa vår og svarar på spørsmål så godt vi kan. Og sjølvsagt er det utfordringar i vår næring som i alle andre næringar som brukar ressursar for å produsere noko. Men ting går framover, og det er nyttig for oss at det blir stilt spørsmål og sett krav. Det er det som gjer oss betre. Berekraft og ressursbruk er i fokus hjå oss, hjå leverandørane våre og styresmakter kvar dag.                                                                                                                                      

Kom til Steinvik Fiskefarm sitt visningssenter og still spørsmål, så svarar vi!