Lesarinnlegg:

«Holvik barnehage»

Daniel Henriksson (Raudt) har skrive dette lesarinnlegget. Illustrasjonsfoto: Julianne Flølo 

Meninger

Daniel Henriksson, Raudt Vågsøy, har skrive dette lesarinnlegget:

«Holvik barnehage»

Raudt meiner at administrasjonen ikkje har gjort nok for å finne ei løysing i Holvik barnehage. Vi har trua på at det må vere mogleg å finne ei løysing som alle parter synest er god, vi oppfordrar administrasjonen til å gå i dialog med barnehagetilsette og bygdelaget i Holvik. Vi synest det er merkeleg at dette ikkje er gjort allereie. Flott at Høgre ved Morten er ute i avisa og vil finne ei løysing. Det skulle kanskje bare mangle, det var jo dei, saman med Arbeiderpartiet og Venstre som sikra fleirtal for vedaket. Vedtaket om å legge ned Holvik skule og Skramsmarka barnehage. Vedtaket som blei gjort mot dei tilsette og bygdefolkets vilje. Vedtaket med påfølgande ulovlege ombyggingar som foreløpig har kosta seks gonger meir enn planlagt. 

Vi forstår godt at barnehagetilsette vil ha auka areal og at det viktigaste er barnas beste. Vi forstår og at det er viktig for bygda at dei får tilgang på eit samlingslokale som kan brukast til 17. mai og andre bygdearrangement. Ei levande bygd treng ein møtestad.
Vi håpar at det vidare ikkje blir forsøkt å slå splid mellom bygdefolk og tilsette, der ein set barna sitt beste opp mot bygda. Det er mange frå Holvik som jobbar eller har barna sine i barnehagen. Sjølvsagt ønsker desse det beste for barna. At dei forventar at kommuna står ved ein avtale dei signerte for kort tid sida er ikkje noko signal om det motsatte. Still ikkje bygd og barnehage opp mot kvarandre, send frustrasjonen dit den høyrer heime.

Raudt har heile tida kjempa mot nedlegging av Holvik skule og Skramsmarka barnehage. Eit av argumenta var at dette var for dårleg planlagt. Alt som har skjedd det siste skule- og barnehageåret har vist at vi har hatt rett. Barnehagen er endå ikkje godkjent for bruk og kommuna bryt fortsatt lova. Misnøya blant personale er stor, og anna kan ein ikkje forvente når ein blir tvinga til å arbeide i ei byggesone i månadsvis.
Kva tenker dei som støtta nedleggingane? Har det gått som planlagt? Har vi spart mykje pengar? Har barnehagebarn, skulebarn, personale, foreldre og bygd fått ein betre eller forverra kvardag?

Lat oss håpe at alle parter i saka kan sette seg samen og leite etter løysingar som gagnar alle, barn, personale og bygd. Eg stiller gjerne, både som politiker, bygdemann og barnehageforelder.