Lesarinnlegg:

«Stad kommune – ein stad i verda»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Paul Jacob Helgesen, ordførarkandidat Stad kommune for Senterpartiet:

Stad kommune – ein stad i verda

Globalt ser ein at menneska samlar seg i byane. Dette har vore ein trend i lange tider.  Nyleg høyrde eg eit utdrag av Dr. Kjell Nordström sitt føredrag til Oslo Business Forum. Innan 2050 vil 80-85 % av menneska på jorda vere konsentrert i 600 byar totalt, og stå for 90-95 av samla BNP. Områda utanfor desse byane blir ikkje å rekne med. Oslo veks mest i Europa. Aldri før har urbaniseringa gått så raskt som no seier han.  Han er ikkje aleine om å analysere trendane og gje eit slikt framtidsbilde.

Skal vi planlegge samfunnet vårt i tråd med slike prognoser? Då vil det jo gå slik. Då må ein justere opp kapasiteten i dei største byane og ha ei styrt avvikling av resten. For meg verkar det som det er det som skjer.

Eg håper du er samd i at framtida ikkje er bestemt på førehand? Vi kan forme den. Politikk er å ville.  Og Senterpartiet vil meir. Vi har tru på heile Noreg!

Moglegheiter for verdiskaping og naturressursar er fordelt over heile landet. Derfor må vi sørge for at det bur folk i heile landet som ser moglegheitene og grip dei. Slik sikrar vi konkurransekraft og verdiskaping.  Dette er eit føretrinn vi må ta vare på i framtida. Då må distrikta få behalde sin velfortente del av vårt bidrag til fellesskapet og byane. Vi må oppretthalde gode og levande lokalsamfunn med likeverdige tenester innanfor skuletilbod, eldreomsorg, kulturtilbod, helsetenester, politi og breiband/fiber/mobil og andre samfunnsfunksjonar.

Som ordførarkandidat er mitt ynskje å få lov til å jobbe for det beste for alle folka som bur her.

Eg er med i Senterpartiet fordi partiet vil spreie makt, busetnad, arbeidsplassar, kapital og kompetanse og kjempar for levande lokalsamfunn i heile landet. Det er naudsynt. For det skjer ei bevisst sentralisering på alle områder, ofte forklart med ord som «kvalitet», «robust», «solide kompetansemiljø», «berekraftig» osv.

Ja til og med miljøet sitt beste blir brukt som argument for distriktsfiendtlege tiltak. Og Senterpartiet vert forsøkt framstilt som klimafiendtlege og navlebeskuande som tek til motmæle mot slike tiltak.

Dette er sjølvsagt tull. Senterpartiet er tufta på likeverd mellom alle menneske, og på den berekraftige ideen om å overlate jorda til neste generasjon i betre stand enn den var då vi fekk den. For det kan vi vel vere samde om? Men korleis gjer ein det best..?

Eit grunnleggande prinsipp i Senterpartiet er forvaltartanken: Vekst er ikkje alltid å bruke meir, men å forvalte betre. I ei verd med stadig fleire folk må vi forvalte naturressursane våre på ein berekraftig måte til samfunnet sitt felles beste. Eit anna viktig prinsipp for Senterpartiet er vern gjennom bruk.  Det oppnår vi når dei som haustar av naturen, eller på annan måte brukar naturen for å skape verdiar har nærleik til og ansvarsfølelse for ressursane.

Det er mange gode argument for utvikle livskraftige små stadar i verda. Slik som Stad kommune.