Lesarinnlegg:

«Svar til Stein Robert Osdal, ordførar i Selje»

Jan Henrik Nygård har skrive dette lesarinnlegget. Arkivfoto 

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Jan Henrik Nygård, leiar i fellesnemnda for nye Kinn kommune:

Svar til Stein Robert Osdal, ordførar i Selje

Viser til lesarbrev i FJT 11 mai, «Eit pilegrimssenter for alle».

Vi har begge eit felles ønske om at det etablerast eit regionalt pilegrimssenter langs pilegrimsleia i Sogn og Fjordane. Uavhengig av kvar dette kjem så er det positivt for aktiviteten langs leia. Namnet kan være misvisande da nokre har ei oppfatning av at det skal byggas eit senter på linje med det flotte Sagastad på Eid som nettopp vart opna. Ser at nokre av kommentarane i ettertid knyter seg til det.


 

I sakstilgangen til Stad fellesnemd sin behandling står det bl.a.:

«Eit pilegrimssenter i Selje vil vere svært sentralt for utviklinga av Selja Kloster som reisemål.»

Eg har nok overtolka det, men uansett ser eg at vi har ei litt ulik vinkling på våre høyringssvar der vårt innleiast slik:

Vi har lest forslag til langtidsplan for pilegrimsleden og tolkar denne slik at eit regionalt pilegrimssenter skal; 

- Ha ansvar for verksemda knytt til definerte geografiske område langs leia. 

- Organiserast og virke slik at samarbeid om pilegrimssatsinga fremjast mellom kommunar, kyrkjelydar av ulike konfesjonar, næringslivsaktørar, frivillige organisasjonar og kulturinstitusjonar innanfor regionen. 

- Tilsette ein person med ansvar for dagleg drift. 

- Bidra til fornying og utvikling av pilegrimstradisjonen i Norge gjennom samarbeid seg i mellom, med Nasjonalt pilegrimssenter, pilegrimsprestane, pilegrimsforeningane, Den norske kyrkja og andre. 

Det er viktig at debatten ikkje koplast mot dei unike stadane Selja og Kinn som begge har sin naturlege plass i historia men meir mot korleis vi vil løyse oppgåva det leggast opp til, nemleg å støtte opp om alle dei fem nøkkelstadane Utfordringa er å løfte heile kystpilegrimsleia i regionen.

Så Stein Robert, vi har nok en litt ulik veg fram mot vårt felles mål som er økt bruk av pilegrimsleia men uavhengig av det så ønsker vi og å støtte oppbygging av Selja Kloster som et viktig og unikt pilegrimsmål. Sannsynlegvis kan vi framleis bli betre om vi høyrer på kvarandre sine gode argumenter.